Jens Hauge
Jens Hauge (fødd 26. april 1953 på Hauge i Lærdal) er ein norsk fotograf og biletkunstnar. Han debuterte i 1976 med separatutstilling i Galleri 1 i Bergen, og har sidan den gongen hatt stor utstillingsaktivitet i inn- og utland. Frå byrjinga av har han eksperimentert og arbeidd langs fleire parallelle og tidvis kryssande aksar. Han er kan hende mest kjend for sine stillferdige og nærast sjølvlysande landskapsbilete i svart-kvitt, men han har òg arbeidd med surrealisme i iscenesetjingar, kvardagen, organiske former og landskap. Hauge var ein av fornyarane av det norske landskapsfotografiet på 1980-talet, noko som nådde eit høgdepunkt i nybrottsprosjektet Norsk Landskap 1987, eit samarbeid med dei tre andre fotografane Per Berntsen, Siggen Stinessen og Johan Sandborg. I den seinare tid har Hauge fotografert landskap med leikehytter (Utsiktspunkt og gøymestad)[1] og landskap tekne i fart frå buss (Gjennom.no)[2], men òg dei nære landskapa frå Lærdal. For som mange andre fotografar, arbeider Hauge ofte med fleire seriar samstundes, over tid.[3]
Jens Hauge | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. april 1953 (71 år) |
Yrke | fotograf, biletkunstnar |
Relevant bakgrunn
endre- 1971 Bondelagets Folkehøyskole på Mysen, formingsgruppa. Kurs i mørkerom og handkolorering.
- 1974 Manger Fylkesskole på Radøy, forming. Arbeidde med måleri, grafikk og materialbilete.
- 1985 Engasjement som stadnamninnsamlar i heimkommunen.
Utstillingar
endre(s) = separat, (g) = gruppe, (k) = kollektiv
- 1976 Fotografisk Vårutstilling, Oslo (k) / Galleri 1, Bergen (s)
- 1978 Fotografisk Vårutstilling, Oslo (k)
- 1979 Sarpsborg Kunstforening, Sarpsborg (k) / Fotografi her og nå, Henie-Onstad Kunstsenter, Bærum (k) / Nyere Norsk Fotografi 1, samarbeid mellom Fotogalleriet og Henie-Onstad kunstsenter, Oslo/Bærum (g).
- 1980 Nyere Norsk Fotografi 2, samarbeid mellom Fotogalleriet og Henie-Onstad kunstsenter, Oslo/Bærum (g)
- 1981 Fotogalleriet, Oslo (s) / Bjørneborg-biennale (Finland, Latvia og USSR) (g) / Northern Light, The Photographer’s Gallery, Cardiff, Wales,Storbritannia (g)
- 1982 9 Norske fotografer, Camera Obscura, Stockholm, Sverige (g) /Biennale Internazionale di Fotografia, Caserta, Italia (g) /Vestlandsutstillinga (k) / Sommarutstilling, Bergen Kunstforening, Bergen (k) / Statens Kunstutstilling (Høstutstillingen), Oslo (k)
- 1983 Photofactory, Chateau Neuf, Oslo (s) / Voss Kunstlag, Voss (s) / Galleri KT, Kongsberg (s) / Galleri Rones, Sogndal (s) / Galleri Øyri, Lærdal (s) / Norsk Fotografi, Southern Light Gallery, Amarillo, Texas, USA (g) arrangert av FFF / Statens Kunstutstilling (Høstutstillingen), Oslo (k) / Forbundet Frie Fotografers vandreutstilling (k) / Fotobiennale-83, Trondheim Kunstforening (k) / Hordautstillinga, Voss (k)
- 1984 Sommarutstillinga, Voss Kunstlag, Voss (k) / Distriktsutstillinga for Sogn og Fjordane (k) / Fotografisk Vårutstilling, Oslo (k)
- 1985 Kulturdagar, Vevring (g) / Vestlandsutstillinga (k) / Statens Kunstutstilling (Høstutstillingen), Oslo (k) / Distriktsutstillinga for Sogn og Fjordane (k) / FFFs vandreutstilling (k)
- 1986 Fotogalleriet, Oslo (s) / Kvam Kunstlag, Øystese (s) / Gudbrandsdal Kunstforening, Vinstra (s) / Alternativ, Fredericia, Danmark (g) / Norsk Landskap, Sveaborg-biennale, Helsingfors, Finland (g) / Vestlandsutstillinga (k) / Statens Kunstutstilling (Høstutstillingen), Oslo (k) / Kunstnarar frå Sogn og Fjordane på Færøyane, Torshavn, Færøyane (k)
- 1987 Luster Kunstlag, Gaupne (s) / Norsk Landskap, Brandts Kledefabrik, Odense, Danmark (g) / Norsk Landskap, Fotografisk Galleri, København, Danmark (g) / Nordisk Fotografi, Louisiana Kunstsenter, Humlebæk, Danmark (g) / Norsk Landskap 1987, Henie-Onstad Kunstsenter, Bærum (g) / Vestlandsutstillinga (k) / Statens Kunstutstilling (Høstutstillingen), Oslo (k) / Distriktsutstillinga for Sogn og Fjordane (k)
- 1988 Norsk Landskap 1987, Sogn og Fjordane Fylkesgalleri, Førde (g) / Norsk Landskap, Oslo Kunstforening, Oslo (g) / Norsk Landskap, Galleri Øyri, Lærdal (g) / Norske Prospekter, Fotogalleriet, Oslo (g)
- 1989 Utvandrarjubiléet, Vik i Sogn (s) / Norsk Utvandrarmuseum, Hamar (s) / Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, Førde (s) / Vestlandsutstillinga (k) / Distriktsutstillinga for Sogn og Fjordane (k) / Z&Z – Norsk kunstnerisk fotografi 1974–1989, FFF jubileumsutstilling, Wang Kunsthandel, Oslo (k)
- 1990 Café Opera, Bergen (s) / Sogn Folkemuseum, Kaupanger (s) / Voss Kunstlag, Voss (s) / Hordaland Kunstnarsenter, Bergen (s) / Wystawa Fotografii, Galleria Forum Fotografii, Krakow, Polen (s) / Mellom rommene, Bergen (g) / Distriktsutstillinga for Sogn og Fjordane (k)
- 1991 Concordia College, Minnesota (s), Statens Kunstutstilling (Høstutstillingen), Oslo (k) / Distriktsutstillinga for Sogn og Fjordane (k)
- 1992 Augsburg College, Minnesota, USA (s) / Vesterheim, The Norwegian-American Museum, Iowa, USA (s) / Pacific Lutheran University, Washington, USA (s) / Distriktsutstillinga for Sogn og Fjordane (k)
- 1993 Landscape Archetypes, Seafirst Gallery, Seattle, Washington, USA (g) / Posisjoner, Fotogalleriet, Oslo (k) / Distriktsutstillinga for Sogn og Fjordane (k)
- 1994 Galleri Øyri, Lærdal (s) / Galleri Rones, Sogndal (s) / Hjadlane Galleri, Osa (s) / Landscape Archetypes, Steensland Art Museum, Minnesota, USA (g) / Rapporter, Rådhusgalleriet, Oslo (g) / 4 dager med følelse, Galleriet, Bergen (k)
- 1995 Galleri AK, Voss (s) / Vestlandsutstillinga (k) / Statens Kunstutstilling (Høstutstillingen), Oslo (k)
- 1996 Galleri Bouhlou, Bergen (s) / Vestlandsutstillinga, Bergen (k) / Statens Kunstutstilling (Høstutstillingen), Oslo (k)
- 1997 Galleri Cooper-huset, Balestrand (s) / Isleburgh Community Centre, Shetland (g) / De magiske bilder, Stavanger Kunstforening (k)
- 1998 Galleri Elvetun, Sykkylven (s) / Galleri Ta det piano, Ålesund (s) / Risp, Sogn og Fjordane Fylkesgalleri, Førde (g) / Vestlandsutstillinga, Bergen (k)
- 2000 Galleri 3,14, Bergen (s) / Nord-Syd VBK, Dordrecht, Nederland (g) / Fotografía Contemporánea Noruega, Centro Cultural Borges, Buenos Aires, Argentina (g)
- 2002 Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, Førde (s) / Statens Kunstutstilling (Høstutstillingen), Oslo (k)
- 2003 Utsiktspunkt og gøymestad, Kunstnerforbundet, Oslo (s) / Vestlandsutstillinga (k)
- 2004 Utsiktspunkt og gøymestad, Kikutstua, Oslo (s)
- 2005 New Horizons – Art from the West of Norway, The Manx Museum, Isle of Man (g) / Vestlandsutstillinga (k) / BKSF vårutstilling, SFKM, Kunstsenteret (k)
- 2006 Utsiktspunkt og gøymestad, Vang kunstlag, Valdres (s)
- 2007 BKSF vårutstilling, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Kunstsenteret, Førde (k)
- 2008 Kunstnerforbundet, Oslo (s)
- 2009 Cooperhuset, Balestrand (s)
- 2010 Lekehytter i landskap, Galleri Lilje, Trondheim (s) / Tilknyting, Vandreutstilling Sogn og Fjordane fylkeskunstlag (g)
- 2011 BKSF vårutstilling, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Kunstsenteret (g)
- 2012 Det norske huset, Hå gamle prestegard, Jæren (s) / Utsiktspunkt og gøymestad, Kunstmuseet Kube, Ålesund (s) / Jens Hauge – menneske og natur, Fotografi 1970–2012, Sogn og Fjordane kunstmuseum, Førde (s) / Norsk Landskap 1987, Preus museum, Horten (g)
Planlagde utstillingar
endre- 2013 Jens Hauge, Menneske og Natur, Fotografi 1970–2012, Sogn Kunstsenter, Lærdal
Innkjøp
endreMuseet for samtidskunst, Norsk Kulturråd, Henie-Onstad Kunstsenter, Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane, Robert Meyers samlinger, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Olav Løkkes samlinger, Bergen Billedgalleri, Billedsamlingen - Universitetet i Bergen, Det Norske Storting, Telenors kunstsamling, Statoils kunstsamling, Preus fotomuseum
Bokutgjevingar
endre- Norsk Landskap, med Per Berntsen, Johan Sandborg og Siggen Stinessen, Dreyer forlag, 1988
- Steinskuggar, med Hermann Starheimsæter, Samlaget, 1991
- Det norske huset, med Frode Grytten, Flamme forlag, 2009
Medlemskap
endre- 1978–1998, 2009– Forbundet Frie Fotografer[4]
- 1982– Norske Billedkunstnere, Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane[5]
Offentlige utsmykkingar
endre- Fylkessjukehuset i Lærdal (1989)
- Postgarden i Sogndal (1996)
- Vangsheimen i Valdres (1997–98)
Utsmykkingskonsulent
endre- Bardu Helsesenter, Troms (1992)
- Indre Sogn Psykiatrisenter, Rutlin i Sogndal (2003–2007)
- Påbygg 2000, Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, Helse Førde (2005–2006)
Stipend o.l.
endre- Statens reise- og studiestipend for kunstnarar i 1980 og 1983
- Treårig arbeidsstipend i 1986
- Statens garanterte minsteinntekt for kunstnarar (GMI) frå 1989
- Juryens pris, Vestlandsutstillinga 1996
- Sparebanken Vest kunstnerstipend 2009
Kjelder
endre- ↑ Jens Hauge si heimeside
- ↑ www.gjennom.no
- ↑ nb:Ingrid Norum, Jens Hauge – Fotografi 1970-2012, Skald forlag, Leikanger, 2012.
- ↑ Heimesida til Forbundet Frie Fotografer
- ↑ Heimesida til Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane