Sunnmørsprisen var ein litteraturpris som vart oppretta av Sundmøre frilynde Ungdomssamlag i 1953 og lagt ned i 2011. Prisen vart delt ut årleg og skulle gå til forfattaren av ei bok som i innhald og form er mellom det beste som vart gjeve ut på nynorsk det året. Med i vurderinga var skjønnlitterære bøker på nynorsk frå alle forlag. Lærebøker og omsette bøker kom ikkje inn under prisen. Statutta sa mellom anna at forfattaren måtte skriva eit rikt og levande nynorsk språk og at boka skulle ha eit innhald som er tilgjengeleg for folk flest. Ein forfattar kunne få prisen berre ei gong. Om to eller fleire bøker stod likt kunne prisnemnda også leggja vekt på det forfattaren hadde skrive tidlegare. Prisen var på 10 000 kroner.

På årsmøtet for Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag i 2011 vart det vedteke å legge ned prisen. Føremålet til Nynorsk litteraturpris ligg nær opp til Sunnmørsprisen. Årsmøtet såg ikkje trong for to så like prisar.

Prisvinnarar endre

Bakgrunnsstoff endre