Hermelin er pelsverk av den pelsen som røyskatter har om vinteren, då desse dyra er skinande kvite, men med eit kolsvart parti yst på halen. Halen med den svarte tuppen vert vanlegvis teke med når det vert laga klede av pelsen, som soleis vert kvit med innslag av svarte parti.

Kongeleg hermelinpels. Dei svarte haletuppane frå dei mange røyskattskinna er med på å gje pelsen sin karakteristiske utsjånad, og gjev dessutan eit inntrykk av kor mange dyr det går med til ei slik kappe. Målarstykket syner den dansk-norske kongen Christian VII (1749-1808).
Røyskatt i vinterpels: kvit med svart yst på halen.

Kapper og anna klede av den kostesame hermelinpelsen har i lange tider vore eit symbol på høg status og rikdom, og har vorte nytta av kongar og anna storfolk.