Hermesbreen
Hermesbreen er ein isbre, 15 km lang, som flyt vest og ut i Weyerhaeuserbreen sør i Graham Land i Antarktis. Han vart kartlagt i januar 1960 av Falkland Islands Dependencies Survey som oppdaga breen etter fleire mislukka forsøk på å finne ei rute ut av fjella aust for Earnshawbreen. Breen var ei ideell rute attende til kjend land og vart derfor kalla opp etter Hermes, veg-guden i gresk mytologi. Han fekk dette namnet av UK Antarctic Place-Names Committee og var opphavet til ideen om å kalla opp andre landskapstrekk i området etter greske gudar.[1]
Hermesbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 68°59′S 65°15′W / 68.983°S 65.250°W | ||
Lengd | 15 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hermesbreen 68°59′00″S 65°15′00″W / 68.9833°S 65.25°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Hermes Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hermesbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).