Hermod
mannsnamn
Hermod er mannsnamn, truleg lånt frå tysk, men opphavleg norrønt Hemóðr , samansett av hær og mot (hugrørsle).
Hermod har i Noreg namnedag den 29. januar.
Hermod i norrøn mytologi endre
I norrøn gudelære er Hermod sonen til Odin; han reid Sleipner til Helheim for å hente attende Balder. I Béowulf er det nemnd ein kong Heremod, som skal ha vore konge i Jylland eller Danmark, men som kom til ein lei ende. Det er mogleg at minnet om denne kongen kan ha overlevd som son av Odin i norrøne overleveringar. I mange kjelder er det Odin sjølv som er sjeleføraren og reiser til Helheim.
Bruken av namnet i Noreg endre
Namnet har vore bruka som førenamn sidan 1300-talet, og bruken nådde ein førebels topp i første halvedelen av 1900-talet.
- Ved folketeljinga i 1801 var det ein gut som het Hermod, han budde i Fosnes[1]
- Ved folketeljinga i 1900 var det 56 som hadde dette namnet
- I 2008 var det 520 som hadde Hermod som første fornamn.
Kjende namneberarar endre
- Hermod Skånland (1925 - 2011), norsk bankmann
- Hermod Bjørkestøl (f. 1944), norsk idrettslagmann
Sjå òg endre
- Søk etter norsk namnestatistikk for Hermod hjå Statistisk Sentralbyrå
Kjelder endre
- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
- Fotnotar