Opna hovudmenyen

Camilla (fødd Camilla Rosemary Shand17. juli 1947) er kona til prins Charles av Wales, tronarvingen i Storbritannia, og vert dimed hertuginne av Cornwall. Dei to gifta seg i Windsor rådhus 9. april 2005.

Camilla
Duchess of Cornwall 2012.JPG
FøddCamilla Rosemary Shand
17. juli 1947
London i England i Storbritannia
TittelHertuginne av Cornwall
Alle titlarDuchess of Cornwall, hertuginne
Fullt namnCamilla Rosemary Shand, seinare Camilla Parker Bowles
Hus eller slektFyrstehuset Windsor
LandStorbritannia
MorRosalind Shand
FarBruce Shand
EktefelleAndrew Parker Bowles (1973 – 1995)
Charles av Wales (2005 - )
BarnTom Parker Bowles, Laura Lopes

Sjølv om Camilla er kona til prinsen av Wales, tek ho ikkje tittelen som prinsesse, og ho vil heller ikkje bli dronning når han ein gong blir konge. I staden tek ho tittelen prinsessegemalinne. Dette skal auka aksepten av giftarmålet blant det britiske folket - mange anglikanarar liker ikkje at skilde menneske gifter seg på nytt, medan andre meiner at Camilla aldri kan ta plassen til prinsesse Diana.

Camilla blei fødd i London til Rosalind Cubitt, som var dotter av den 3. baron Ashcombe, og majoren Bruce Shand. I 1973 gifta ho seg med brigaderen Andrew Parker Bowles, men dette ekteskapet tok slutt i 1995. Dei to har to barn: Tom Parker Bowles, fødd i 1974, og Laura Lopes, fødd i 1979.