Hesitation Blues
Song av Victor Military Band
Utgjeve 15. september 1916
Innspelt 15. september 1916
Sjanger Blues
Lengd 3:03
Selskap Victor
Låtskrivar(ar) Billy Smythe

«Hesitation Blues» er ein populær song omgjort frå ein tradisjonell melodi. Ein versjon vart publisert av Billy Smythe, Scott Middleton og Art Gillham. Ein annan vart publisert av W.C. Handy som «Hesitating Blues». Fordi melodien er tradisjonell, har mange artistar ført seg sjølv opp som låtskrivar og ofte endra teksten etter dei to publiserte versjonane. Teksen varierer derfor ein heil der, men refrenget er stort sett det same. Songen er ein jug band-standard og vert spelt som blues og stundom som Western swing. Han er katalogisert som Roud Folk Song Index nr. 11765.

Smythe-, Middleton- og Gillham-versjonen endre

 
Al Bernard

Smythe, Middleton og Gillham var involvert i musikkforlaget i St. Louis i Missouri. Kring 1914 vart dei med i eit band og drog til Los Angeles. Medan dei reiste fann dei på nye vers til ein tradisjonell melodi. Då dei kom attende til St. Louis drog trioen kvar sin veg. Art Gillham vart verande i St. Louis, Billy Smythe drog til Louisville, svogeren til Smythe, Scott Middleton drog til Chicago. I 1915 publiserte Billy Smythe versjonen deira av «Hesitation Blues», men førte ikkje opp Gillham.

Krangelen som følgde vart løyst eit par år seinare då Gillham og Smythe byrja å skrive andre songar i lag som eit team og skreiv på notearka «av låtskrivarane av Hesitation Blues».

Ein av dei første populære innspelingane av songen var ein instrumental versjon av The Victor Military Band, der berre Smythe er oppført som låtskrivar. Han vart spelt inn 15. september 1916 ved Victor Talking Machine Company i ein fabrikk i Camden i New Jersey. Denne innspelinga var i Victor-katalogen som A-sida av platenummer 18163 fram til januar 1923.[1] i februar 2009 vart ein video som presenterte lyden av innspelinga lagt ut på YouTube.[2]

Songen vart òg spelt inn for Edison Records i 1919 av Al Bernard og finst som ein Blue Amberol-lydsylinder og som ei Edison Diamond Disc-matriksinnspeling. Lydfiler av denne innspelinga er bevart hos Cylinder Digitization and Preservation Project ved University of California Santa Barbara.[3]

Art Gillham framførte songen på radio den 25. februar 1925 og spelte han inn for Columbia Records som ein av dei første elektriske innspelingane (Master 140390, utgjeve som Columbia 343-D). Innspelinga har ni vers og eitt refreng, inkludert:

How long do I have to wait
Can I get you now
Or must I hesitate?

Ashes to ashes
Dust to dust
I've got a black haired mama
That the rains can't rust.

Songen vart publisert på ny i 1926 med alle dei tre låtskrivarane førte opp. Denne pulikasjonen hadde eit anna arrangement med ein annan tekst enn publikasjonen frå 1915.[4]

I 1964 gav Holy Modal Rounders ut ein versjonen av songen der dei for første gongen nytta uttrykket «psykedelisk» i popmusikk i verset «Got my psycho-delic feet, in my psycho-delic shoes, I believe lordy mama got the psycho-delic blues, tell me how long do I have to wait, or can I get you now, or must I hesitay-ay-ay-ate».

Utgåver endre

Artists som har spelt songen er mellom andre:


Kjelder endre

  1. «Victor 18163 (Black label (popular) 10-in. double-faced) - Discography of American Historical Recordings». Victor.library.ucsb.edu. 15. september 1916. Henta 28. mai 2019. 
  2. VideoYouTube
  3. «Hesitation blues / Al Bernard. Edison Blue Amberol: 3738 [1919] | Cylinder Preservation and Digitization Project». Cylinders.library.ucsb.edu. 16. november 2005. Henta 28. mai 2019. 
  4. «ART GILLHAM The Whispering Pianist of Radio and Records». Lwhisper.home.mindspring.com. Arkivert frå originalen 5. september 2005. Henta 28. mai 2019.