Huddie William Ledbetter (23. januar 18886. desember 1949) var ein amerikansk visesongar og komponist. Ledbetter tok artistnamnet Leadbelly (på norsk «blymagen»), eller Lead Belly som han sjølv skreiv det og slik det òg står skrive på gravsteinen.[1]

Lead Belly

Statsborgarskap USA
Fødd 20. januar 1888
Louisiana
Død

6. desember 1949 (61 år)
New York by

Yrke Musikar, komponist
Språk engelsk
Sjanger blues, folk, country-blues, visesong
Ektefelle Martha Promise
Nettstad http://www.leadbelly.org/
Lead Belly på Commons

Hovudinstrumentet hans var akustisk tolvstrengsgitar. På plakatar gav han seg difor sjølv den imponerande tittelen King among the world's 12 string guitarists, men han spelte òg piano, mandolin, munnspel, fele og trekkspel, og song med ein klår, sterk røst. I 1986 vart Ledbetter posthumt vald inn i Blues Hall of Fame.[2]

Lead Belly og Martha Promise Ledbetter, fotografert i Wilton i 1935.

Leadbelly starta karrieren sin med å følgja den blinde folkesongaren Blind Lemon Jefferson på turnear i Sørstatane. Dei hadde begge folkeviser, blues og negro spirituals på repertoaret. Sjølv om læremesteren var ein stor nok stjerne til at han fekk spela inn grammofonplater skulle Leadbelly overgå han som musikalsk legende.

Huddie Leadbelly var fleire gonger i klammeri med politiet. I 1918 fekk han ein dom på 30 år for mord, men vart sloppen fri allereie i 1925. I 1930 fekk han ein ny dom på ti år for mordforsøk. Det var no han vart oppdaga av den kjende amerikanske folkemusikksamlaren John Lomax. Lomax gjorde dei første opptaka med Leadbelly i fengselet, og då han i 1934 fekk gjeve nåde vart han sjåfør for Lomax og følgde med han på kryss og tvers gjennom Sørstatane for å gjera lydbåndopptak og møte folkesongarar. Lomax' beste kjelde til folkevisene var likevel Leadbelly sjølv.

John og Alan Lomax skreiv ei bok om Leadbelly og visene hans, og no fekk han òg spela inn plater, som ofte var å høyra på radio i USA. I dei følgjande årane opptredde han både på nattklubbar, universitet og skular. Same år som Leadbelly døydde hadde hans Goodnight, Irene oppnådd å verta ein kjempeslager.

Mange av Leadbellys songar er vorte standardlåtar på såvel visesongarar sine som på repertoaret til bluesartistar. Popgrupper frå The Rolling Stones til ABBA har likeeins spelt inn songane hans. Goodnight, Irene er allereie nemnt. Ein annan kjend song av Leadbelly som vart ein hit er «Cottonfields», som vart spelt inn av The Beach Boys i 1970. I 1993 gjorde Nirvana ein coverversjon av songen «Where Did You Sleep Last Night» under deira MTV Unplugged konsert, som vart ein kjempehit.

Omtale endre

Den ameriaknske songartisten Tom Waits uttalte til The Guardian 20. mars 2005 at «Lead Belly var ei elv, var eit tre. Hans tolvstrengersgitar ringte som eit piano i ein kyrkjekjellar, sjølve Rosettastenen for mykje av det som skulle følgja».[3]

Litteratur endre

  • Reidar Hanssen: «Vil den amerikanske folkevisen slå ut pop-sangen og jazzen?» (s. 88-96). Redaktør Lauritz Johnson: Fasiten 1964.. Oslo 1964. P.F. Steensballes Boghandels Eftg. Bj. Reenskaug.
  • John Szwed: «The Saga of Lead Belly» (s. 59-76). The Man Who Recorded the World. A Biography of Alan Lomax. London 2010. Arrow Books. ISBN 978-0-099-47235-3

Kjelder endre

Referansar
  1. [1]
  2. Innvalgte i Blues Hall of Fame 1986 Arkivert 2012-07-17 ved Wayback Machine. (besøkt 27. august 2012)
  3. Lead Belly was a river, was a tree.