Hestia (gammalgresk Ἑστία, 'årestad') var gudinne for eldstadar og familie i gresk mytologi. Ho høyrde til dei olympiske gudane.

Hestia

Identifisert medVesta, Chantico, Anuket
MorRhea
FarKronos
Hestia avbilda i Dictionary of Classical Antiquities frå 1894.

Gudinna var den førstefødde til Kronos og Rhea, den første til å bli slukt av Kronos og den siste til å koma ut att. Ho nekta å gifta seg med Apollon eller Poseidon, og valde i staden evig jomfrudom. I avbildingar blei ho framstilt som kysk kledd med lange klede og slør, nokre gonger med ei blomstrande grein eller ein kjele.

Hestia var gudinne for eller ei personifisering av årestaden, og mottok det første offeret ved eldseremoniar i heimen. Ho var til stades når ein bakte brød og stelte til mat heime.

Den offentlege årestaden i ein by var også vigd henne, og grekarar som grunnla nye koloniar tok med eld herfrå for å ta vare på bande til morbyen.

Gudinna svarer til den romerske gudinna Vesta.

Kjelder endre

«Hestia» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hestia