Årestad er ein eldstad der ein har ein åre, ein open eld utan skorstein. Røyken siv anten ut gjennom ein ljore eller sprekker i taket. Årestaden finst typisk midt i rommet, men han kan òg vera langs ein vegg.

Årestad i eit tradisjonelt hus i Ny-Caledonia. Den høge himlinga gjer at røyken ikkje samlar seg nede i rommet.
Tradisjonell japansk årestad med kokekar.

Årar var vanleg i Europa til og med mellomalderen, og blei brukt til matlaging og oppvarming av hus. I Noreg hadde ein ofte eigne årehus: Eldhus, ljorestover eller røykstover. Hus med åre blei kalla årestove etter at skorsteinen blei teken i bruk andre stader. I rorbuer i Nordland hadde ein årestader heilt fram til 1900-talet. Der blei dei ofte plassert ved gavlveggen og kalla «flu».

Årestaden er heilag i nokre kulturar, som den gammalgreske og romerske, der høvesvis Hestia og Vesta var gudinner for han.

I overført tyding viser årestad (bokmål arnested) til ein opphavsstad for noko, liknande «vogge».

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Årestad