Hever i Kent
Hever er ein landsby og civil parish i grevskapet Kent søraust i England. Han ligg ved Edenelva, ei bielv til Medwayelva, i distriktet Sevenoaks, kring 3,5 kilometer søraust for Edenbridge og kring 11,5 kilometer vest for Tonbridge.
Hever | |||
landsby | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Søraust-England | ||
Distrikt | Sevenoaks | ||
Folketal | 1 238 (2021)[1] | ||
Hever i Kent 51°11′01″N 0°06′38″E / 51.183480555556°N 0.11055°E | |||
Wikimedia Commons: Hever, Kent |
Hever civil parish har ei flatevidd på 3 062 acre (12,39 km2). Det omfattar landsbyane Four Elms, Hever og Markbeech. Ved folketeljinga i 2011 hadde det 1 231 innbyggjarar.[2][3]
Stadnamnet «Hever» kan koma frå Heanyfre, som tyder 'høg kant'.[4]
Hever Castle, som var barndomsheimen til dronning Anne Boleyn, kona til Henrik VIII, ligg i Hever. Det ligg tre soknekyrkjer her, ei i kvar landsby.
Hever jernbanestasjon ligg 1,2 mile (1,9 km) vest for landsbyen etter landevegen.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- ↑ «Hever Parish - Local Area Report - Nomis». www.nomisweb.co.uk. Henta 22. juli 2021.
- ↑ «Civil Parish population 2011». Neighbourhood Statistics. Office for National Statistics. Arkivert frå originalen 20. oktober 2016. Henta 18. september 2016.
- ↑ Eilert Ekwall, Concise Oxford Dictionary of English Place-names, s. 237.
- Denne artikkelen bygger på «Hever, Kent» frå Wikipedia på engelsk, og «Hever, Kent» frå Wikipedia på svensk den 16. november 2022.