Heywood i Stor-Manchester
(Omdirigert frå Heywood i Greater Manchester)
Heywood er ein by i grevskapet Stor-Manchester i England. Han har kring 28 000 innbyggjarar og ligg på sørbreidda av elva Roch, 4 km aust for Bury, 6 km sørvest for Rochdale og 12 km nord for byen Manchester. Byen Middleton ligg mot sør, medan Cheesden Valley, opent lyngheilandskap og Penninane ligg i nord.
Heywood | ||
---|---|---|
Heywood, mot St Luke's church | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Stor-Manchester | |
Distrikt | Rochdale | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
28 024 | |
Koordinatar | 53°35′N 2°13′W / 53.583°N 2.217°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | OL10 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1706 | |
Heywood har kallenamnet Monkey Town, eit namn som er av ukjend opphav, men som går attende til minst 1857.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Heywood, Greater Manchester» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2011.