Penninane
Penninane er ei låg fjellkjede nord i England, som skil Nordvest-England frå Yorkshire og Nordaust-England.
Penninane | |||
fjellkjede | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Penninane 54°42′10″N 2°29′12″W / 54.702777777778°N 2.4866666666667°W | |||
Penninane i Nord-England
| |||
Wikimedia Commons: Pennines (hills) |
Dei vert ofte skildra som «ryggraden i England»,[1][2][3] og dei dannar ei meir eller mindre samanhengande fjellrekkje frå Peak District i Derbyshire, rundt nord- og austenden av Stor-Manchester, gjennom Yorkshire Dales forbi Cumbrian Fells til Cheviot Hills på grensa til Skottland. Nord for Aire Gap går ein arm av Penninane ut vestover til Lancashire, Forest of Bowland, og sør for Aire Gap går ein liknande arm, Rossendale Fells og West Pennine Moors.[4]
Sjølv om det som er nemnd over er den vanlege definisjonen, er ikkje Cheviot Hills strengt tatt ein del av Penninane, sidan dei er skilde frå fjella av Tyne Gap og Whin Sill, der vegen A69 og Hadrianmuren går.
Penninane er eit viktig nedslagsfelt med mange reservoar som kjelder for fleire store elvedalar. Regionen vert rekna som eit av dei vakraste naturområda i Storbritannia.[5] North Pennines og Nidderdale har status som Area of Outstanding Natural Beauty (AONB, særleg vent naturområde), medan delar av Penninane utgjer delar av Peak District nasjonalpark, Yorkshire Dales nasjonalpark og Northumberland nasjonalpark.[6] Pennine Way, ein lang tursti, går langs heile Penninane og er 429 km lang.[7]
Fjella er ikkje særleg høge, og blir gjerne omtalt som åsar (hills). Den høgaste toppen er Cross Fell aust i Cumbria, på 893 moh.; andre kjende toppar er Mickle Fell (788 moh.), Whernside (736 moh.), Ingleborough (723 moh.), Pen-y-ghent (693 moh.) og Kinder Scout (636 moh.).
Penninane er det viktigaste vasskiljet i det nordlege England, og deler området i ein austleg og ein vestleg del. Elvane Eiden, Ribble og Mersey har alle utspringet sitt i Penninane og renn vestover mot Irskesjøen. På den andre sida finn ein elvene Tyne, Tees, Swale, Aire, Don og Trent som renn mot Nordsjøen.
Geologien er dominert av store førekomstar av sandstein og kalkstein, noko som fører til at det finst mange grotter og underjordiske elver, særleg på austsida. Nokre av desse er blant dei største i England, til dømes gapet ved Gaping Hill (over 107 meter djupt) og Rowten Pot (over 111 meter). Kalksteinen har òg gjekk opphav til nokre uvanlege formasjonar, som kalksteindekket ein finn i delar av Yorkshire.
Landskapet består for ein stor del av høgliggande myrlandskap skilt av fruktbare dalar. I tilhøve til resten av England er folketettleiken generelt låg. Dei viktigaste næringsvegane er sauehold, steinbrot og turisme.
Namnet kjem truleg frå eit keltisk ord, penno, som tyder «ås», men dette er noko usikkert då ein ikkje finn tidlegare referansar til dei enn frå 1700-talet. Det er truleg at namneforma er påverka av Apenninane i Italia, som mange engelske gentlemen vitja i den tida Penninane ser ut til å ha fått det moderne namnet sitt. Òg det namnet blir forklart med same keltiske ord.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pennines» frå Wikipedia på engelsk, og «Penninane» frå Wikipedia på bokmål den 1. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Arthur Raistrick, 'The Pennine Dales', Eyre Methuen Ltd 1968, ISBN 0-413-26760-1
- ↑ Poucher, W.A. (1946). «The Backbone of England. A biletegraphic and descriptive guide to the Pennine Range from Derbyshire to Durham.». Guildford and Esher: Billing and Sons Limited..
- ↑ Edwards, W.; Trotter, F.M. (1975). The Pennines and Adjacent Areas. Handbooks on the Geology of Great Britain (Third utg.). London: HMSO (publisert 1954). s. 1. ISBN 0 11 880720 X..
- ↑ «Pennines -- Britannica Online Encyclopedia». Henta 28. februar 2008.
- ↑ Dudley Stamp, L (1946). «Britain’s Structure and Scenery». Nature. The Fontana New Naturalist Series (1960 utg.) (London and Glasgow: Collins) 158 (4023): 809. Bibcode:1946Natur.158..809T. doi:10.1038/158809a0..
- ↑ «Writer inspired by beauty of Pennines celebrates its views - Yorkshire Post». www.yorkshirepost.co.uk. Henta 1. juli 2011.[daud lenkje]
- ↑ «Designated Landscapes Index». Natural England. Arkivert frå originalen 23. oktober 2007. Henta 1. juli 2011.
- ↑ «Trail stats, Pennine Way». National Trails Homepage. The Countryside Agency. Arkivert frå originalen 13. august 2007. Henta 1. juli 2011.