High Wycombe
High Wycombe er ein by i den sørlege delen av Buckinghamshire i distriktet Wycombe i England. Byen ligg knapt 50 km nordvest for London; På Corn Market-bygnigen i sentrum av byen er avstanden på 29 miles inngravert. Byen har i overkant av 80 000 innbyggjarar. Wycombe er delvis ein industriby og marknadsby for dei omgjevande landdistrikta, og byen har hust ein marknad på High Street sidan mellomalderen. Sidan 1600-talet har industrien vore den dominerande økonomiske faktoren i byen. Folkesetnaden i Buckinghamshire er av dei rikaste i heile Storbritannia,[1] men likevel finst det i Wycombe fleire relativt fattige område.[2]
High Wycombe | ||
---|---|---|
High Wycombe Guildhall, i enden av High street | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Buckinghamshire | |
Distrikt | Wycombe | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
81 848 | |
Koordinatar | 51°38′N 0°45′W / 51.633°N 0.750°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | HP10-15 | |
Telefon-retningsnummer | 01494 | |
Historie
endreNamnet på byen er avleidd av elva Wye og det gammalengelske ordet for ein skogkledd dal, combe. Byen er første gong nemnd i historiske kjelder i 970 som Wicumun, og seinare er han nemnd i Domesday Book, på det tidspunktet hadde han seks møller. Omkring år 2 var det ein romersk villa på staden, som fleire gonger er utgraven, seinast i 1954; her vart det mellom anna funnen mosaikkar og badhus. Under den engelske borgarkrigen vart det utkjempa eit mindre slag i nærleiken av High Wycombe. Den seinare statsministeren Benjamin Disraeli budde i byen.
High Wycombe var kjend som Chepping Wycombe eller Chipping Wycombe fram til omkring 1911.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «High Wycombe» frå Wikipedia på dansk, den 12. juli 2011.
- Wikipedia på dansk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Indices of Multiple Deprivation[daud lenkje]
- ↑ Report on deprivation from Wycombe District Council (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 25. mars 2009, henta 12. juli 2011
- ↑ 1911 Encyclopedia Britannica