Ei hildring er eit optisk fenomen, ei luftspegling, som gjer at lekamar på avstand ser ut til å vere høgare oppe enn dei i røynda er.

Hildring ved norskekysten

Til dømes kan lekamar som ligg bak horisonten verte synlege, holmar og skjer kan sjå ut til å bli løfta opp av vatnet, og det kan sjå ut som dønningar på lang avstand ser ut til å tårne seg opp til høg sjø.

Hildring oppstår når relativt varm luft kjem over ei kjøligare flate, som regel sjø, slik at lufta like over flata vert nedkjølt og ein får ein stor temperaturgradient. Kaldare luft har større tettleik enn varm luft, og når lyset skin gjennom to luftlag med forskjellig tettleik (altså forskjellig temperatur), vert det brote ved refraksjon. Lysstrålane vert derfor krumma på veg mot personen som ser i denne retninga, og lekamane verkar derfor å sveve i lufta eller verte høgare. Om hildringa vert ekstra kraftig, kan sjølv små lekamar fortone seg som store slott. Dette vert ofte kalla fatamorgana.

Hildring er vanleg i roleg vêr langs norskekysten, særleg om sommaren.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«Hildring» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hildring