Hildur Sommerfeldt
Hildur Sommerfeldt (1830–16. mai 1892[1]) var ein norsk-tysk operasongar, pianist og musikkpedagog.
Hildur Sommerfeldt | |||
Fødd | 1830 | ||
---|---|---|---|
Død | 16. mai 1892 (61 år) | ||
Opphav | Noreg, Tyskland | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | operasongar, pianist, musikkpedagog | ||
Born | Hildur Schirmer |
Familie
endreHildur Sommerfeldt var gift med den tyske ingeniøren og revisoren August Koch. Dei var foreldra til songaren, songpedagogen og kvinnesaksforkjemparen Hildur Schirmer, som blei gift med arkitekten Adolf Schirmer.[2] Sonen deira, Oscar Koch, konsertmester i Bremen, blei gift med Betsy Gude, ei dotter av målaren Hans Gude. Etternamnet hennar er også stava Sommerfelt.
Liv og virke
endreHildur Sommerfeldt kom i seint i 1840-åra til Leipzig, der ho studerte to år ved musikkonservatoriet som var blitt oppretta av Felix Mendelssohn i 1843, med Mendelsohn og Mocheles som lærarar.[3] 26. juni 1848 assisterte ho ved ein konsert av cellisten Cipriano Romberg. 17. november same året gav ho ein egen konsert som pianist. Truleg er det her tale om framføringa hennar av G-mollkonserten til Mendelssohn i Bergen.[4] I Bergen gav ho også undervisning i pianospel og song, det førstnemnde for 60 skilling i timen, sistnemnde for 48.[5]
15. april 1849 blei Sommerfeldt tilsett som songar ved Christiania Theater.[6] Der debuterte ho 21. april 1849 i rolla som Zerlina i operaen Fra Diavolo.[7] Desember same år hadde ho rolla som Carlo Broschi (Farinelli) i operetten Djævelens Part.[8]
Sommfeldt fekk ikkje noko større gjennombrot i Christiania, og reiste dimed tilbake til Leipzig for å studere vidare. Ho gav opp karrieren då ho blei gift. Ho busette seg då i Braunschweig.
Utvalde roller
endre- Zerlina i Fra Diavolo av Daniel-François Auber og Eugène Scribe (Christiania Theater)
- Carlo Broschi i Djævelens Part av Daniel-François Auber og Eugène Scribe (Christiania Theater)
Kjelder
endre- ↑ Weidemann, L. F. (1892). Stamtavle over slegten Weidemann (samt over slegterne Major, Schirmer og grene af slegterne Sommerfeldt, Norgrenn, Sørenssen, Nielsen m. fl.). s. 33.
- ↑ Norsk Biografisk Leksikon: Adolf Schirmer, besøkt 5. desember 2019.
- ↑ Bergens Adressecontoirs Efterretninger 1848.11.25. 1848. s. 8.
- ↑ Conradi, J.G. (1878). Kortfattet historisk Oversigt over Musikens Udvikling og nuværende Standpunkt i Norge. Warmuth. s. 33.
- ↑ Bergens Adressecontoirs Efterretninger 1848.11.25. 1848. s. 8.
- ↑ Jensson, Liv (1981). Biografisk skuespillerleksikon. Universitetsforl. s. 160. ISBN 8200056228.
- ↑ Morgenbladet 1849.04.22. 1849. s. 3.
- ↑ Christiania-Posten 1849.04.21. 1849. s. 3.
- Denne artikkelen bygger på «Hildur Sommerfeldt» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Qvamme, Børre (1998). Halfdan Kjerulf og hans tid. Solum. ISBN 8256011548.
- Norske kvinder. Berg & Høgh. 1925. s. 317.