Hildur Schirmer
Hildur Schirmer (13. mars 1856–24. april 1914) var ein norsk songar (sopran), songpedagog og kvinnesaksforkjempar.
Hildur Schirmer | |||
| |||
Fødd | 13. mars 1856 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Braunschweig | ||
Død | 24. april 1914 (58 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Fødenamn | Hildur Koch | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, musikkforskar, kvinnesaksforkjemper | ||
Mor | Hildur Sommerfeldt | ||
Gift med | Adolf Schirmer | ||
Born | Ernst August Schirmer |
Ho var dotter av ingeniøren August Koch og kona hans Hildur Sommerfeldt, og blei gift i 1878 med arkitekten Adolf Schirmer.[1] Hildur Schirmer tok den fyrste musikalske utdanninga si i Tyskland, og studerte vidare under Pauline Viardot i Paris. Ho var med på å grunnleggje Norsk Kvinnesaksforening (NKF) i 1884 og var i fleire år medlem av hovudstyret.[2] Ho deltok i innsamlinga til minnesmerket over Camilla Collett som NKF tok initiativ til. Hildur Schirmer var lærar ved Musikkonservatoriet i Oslo.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Dødsfald». Aftenposten. 24. april 1914. s. 4.
- ↑ Moksnes, Aslaug (1984). Likestilling eller særstilling?. Gyldendal. s. 37. ISBN 8205153566.
- ↑ «Musikkonservatoriet». Aftenposten, annonse. 19. juli 1901. Henta 9. november 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Hildur Schirmer» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2024.