Himarë eller Himara (gresk Χειμάρρα, Khimárra) er ein by og ein kommune i regionen Vlorë i Albania. Han ligg ved Den albanske rivieraen sør i Albania og grensar i aust til regionen Gjirokastër.

Himarë
Utsyn mot Himarë
Utsyn mot Himarë
Utsyn mot Himarë
Byvåpenet til Himarë
Byvåpenet til Himarë
Styresmakter
Land
Region
Albania
Vlorë
Geografi
Flatevidd
 - By

572 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

7 818
Koordinatar 40°32′0″N 19°38′0″E / 40.53333°N 19.63333°E / 40.53333; 19.63333
Høgd over havet 90, 3 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.himara.gov.al/
Plassering
Himarë kommune innafor regionen Vlorë
Himarë kommune innafor regionen Vlorë
Himarë kommune innafor regionen Vlorë

Den tospråklige tradisjonelle regionen Himarë omfattar byen og sju landsbyar og er hovudsakleg folkesett av etniske grekarar. Regionen er om lag 20 km lang og 5 km brei og grensar til dei 2000 meter høge Llogara-fjella i nordaust og Det joniske havet i sørvest. Det er lange kvite sandstrender og nokre få åsar nær sjøen med oliven- og sitrustre.

Administrativ inndeling endre

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Himarë vart slått saman med landkommunane Lukovë og Horë-Vranisht.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Himarë.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 2 822 innbyggjarar, medan dei tre kommunane som i dag utgjer storkommunen Himarë, til saman hadde 7 818 innbyggjarar.[1]

Fram til år 2000 var den tidlegare bykommunen saman med landkommunen Horë-Vranisht ein del av distriktet Vlorë, medan Lukovë var ein del av distriktet Saranda.[3] Den dåverande bykommunen omfatta byen Himarë og busetnadene:[2]

  • Pilur
  • Kudhës
  • Qeparo fshat
  • Qeparo Fushë
  • Vuno
  • Iliaz
  • Dhërmi
  • Gjilekë
  • Palasë

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Himarë