Himmelberg Hills er ei rekkje åsar med fleire utstikkarar ved sørvestenden av Saratoga Table i Pensacolafjella i Antarktis. Dei strekkjer seg over 11,5 nautiske mil. Her finn ein mellom andre Haskill Nunatak, 1710 moh, nær midten, og Ray Nunatak og Beiszer Nunatak i sørenden. Åsane vart kalla opp etter Glen R. Himmelberg ved geologiavdelinga ved University of Missouri–Columbia. Han gjorde petrologiske undersøkingar i lag med A.B. Ford (1973–91) i Antarktis og særleg Dufek-intrusjonen nord i Pensacolafjella.[1]

Himmelberg Hills
ås
Land  Antarktis
Stad Queen Elizabeth Land
 - koordinatar 83°24′S 51°46′W / 83.400°S 51.767°W / -83.400; -51.767
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Himmelberg Hills
83°24′00″S 51°46′00″W / 83.4°S 51.7667°W / -83.4; -51.7667
Himmelberg Hills is located in Antarktis
Himmelberg Hills (Antarktis)

Kjelder endre

  1. «Himmelberg Hills». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 1. desember 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Himmelberg Hills» (innhald frå Geographic Names Information System).