Petrologi (frå gresk: πέτρα, petra, stein; og λόγος, logos, kunnskap) er eit fagområde innan geologi som omfattar læra om bergartar og danninga av dei.

Studiet av bergartene omfattar feltrelasjonar, kva for mineral som er til stades og korleis desse er knytte til kvarandre (teksturelle tilhøve), kor store dei er (kornstørrelse) og dessutan den kjemiske samansetnaden av bergarten og dei einskilde minerala. Studiet av væskeinneslutningar er viktig for magmatiske og metamorfe bergartar. Saman med eksperimentelle data vil ein frå slike undersøkingar kunne utleie korleis bergartane oppstod.

For ein magmatisk bergart er det av interesse frå kva slags magma han er danna og under kva for temperatur- og trykkforhold. For ein metamorf bergart ynskjer ein å avgjere utgangsmaterialet og dei temperatur- og trykkendringane bergarten har vore utsett for. For sedimentære bergartar er opplysningar om avsetningstilhøva og klima viktige.

Sjå òg endre

Kjelder endre