Hinanit (hebraisk skrift חִנָּנִית, tyder Tusenfryd) er ein kollektiv landsby og ei israelsk busetjing nord på den okkuperte Vestbreidda, underlagt Shomron regionale kommune. Hinanit ligg like over Den grøne linja mellom Israel og den nordlege Vestbreidda, og ligg inntil den palestinske landsbyen 'Anin. Israel si sperring på Vestbreidda skil dei to busetnadane. Han ligg kring 15 km vest for byen Jenin. I 2006 hadde han 779 innbyggjarar. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]

Hinanit
חִנָּנִית, חיננית
landsby
Namneopphav: Tusenfryd
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Shomron
Koordinatar 32°28′49.07″N 35°10′19.56″E
Grunnlagd 1981
 - Grunnlagd av fjelljødar
Tilhøyrsle HaMerkaz HaHakla'i

Hinanit
32°28′49″ N 35°10′20″ E
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg

Landsbyen vart grunnlagd i 1981 av fjelljødar frå Kaukasus. Han var opphavleg ein moshav og medlem av Moshavimrørsla, men vart seinare omgjort til ein fellesbusetnad.

KjelderEndra

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.