Shomron regionale kommune
Shomron regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית שומרון, Mo'atza Azorit Shomron, tyder Samaria regionale kommune) er ein israelsk regional kommune nord på den okkuperte Vestbreidda. Han yter kommunale tenester til 30 israelske busetjingar i Samarafjella med eit samla folketal på kring 23 600 innbyggjarar. Kommunesenteret ligg i Elon Moreh.
Shomron regionale kommune | |||
מועצה אזורית שומרון | |||
regional kommune | |||
Land | Vestbreidda | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Koordinatar | 32°13′50.62″N 35°19′46.47″E / 32.2307278°N 35.3295750°E | ||
Areal | 2 800 km² | ||
Folketal | 23 600 (2011)[1] | ||
Folketettleik | 8 / km² | ||
Shomron regionale kommune 32°13′51″N 35°19′46″E / 32.230728°N 35.329575°E | |||
Kart som viser Shomron regionale kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Shomron Regional Council | |||
Nettstad: http://www.shomron.org.il/ |
Kommunen ligg spreidd over eit område på 2 800 kvadratkilometer. Fram til hausten 2005 då somme av områda vart fråflytta etter tilbaketrekkingsplanane til Israel, var Shomron regionale kommune den største regionale kommunen i Israel ut frå areal. Kommunen utgjer kring 10% av arealet til Israel innafor Den grøne linja.
Kommunegrensene:
- Nord: (tidlegare) busetjingane Ganim og Kadim, fram til Megiddo-krysset.
- Vest: busetjignane Tzofim, til Kfar Saba.
- Sør: busetjingane Peduel og Alei Zahav.
Kommunen er delt inn i geografiske område, der kvar region har sine eigne preg:
- Nord-Shomron: Hinanit, Hermesh, Tal Menashe, Mevo Dotan, Reihan, Shaked. Alle busetjingane er sekulære, utanom Tal Menashe. Folketalet er rundt 2 000.
- Sentral-Vest-Shomron: Avnei Hefetz, Barkan, Ma'ale Shomron, Nofim, Sal'it, Einav, Etz Efraim, Peduel, Tzufim, Kiryat Netafim, Revava, Shavei Shomron, Sha'arei Tikva, Yakir: blanda folkesetnad (sekulære og religiøse). Dei fleste samfunna er store og godt etablerte. Om ein tar med dei lokale kommunane i Samaria (Alfei Menashe, Elkana, Immanuel, Karnei Shomron, Kedumim, Oranit og byen Ariel), som alle ligg i dette området, er den jødiske folkesetnaden på kring 60 000.
- Fjellbusetjingane: Elon Moreh, Itamar, Har Brakha, Yitzhar (ei blokk, nær Nablus, folketal kring 3 000), og lenger sør, Kfar Tapuach, Rechelim, Nofei Nehemia og Migdalim, med mindre enn 1000 innbyggjarar.
Busetjingar
endreDen største busetjinga i Shomron regionale kommune er i dag Sha'arei Tikva, som har meir enn 1 000 familiar, medan den yngste er Nofei Nehemia, med kring 20 familiar.
Busetjingar
endre- Alei Zahav
- Avnei Hefetz
- Barkan
- Brukhin
- Einav
- Elon Moreh
- Etz Efraim
- Har Bracha
- Hermesh
- Hinanit
- Itamar
- Kfar Tapuach
- Kiryat Netafim
- Ma'ale Shomron
- Mevo Dotan
- Migdalim
- Nofei Nehemja
- Nofim
- Peduel
- Rechelim
- Reihan
- Revava
- Sal'it
- Sha'arei Tikva
- Shaked
- Shavei Shomron
- Tel Menashe
- Tzofim
- Yakir
- Yitzhar
Fjerna busetjingar
endreEtter tilbaketrekkingsplanen til Israel i 2005, vart fire busetjingar i Shomron regionale kommune fjerna og innbyggjarane kasta ut. Landet vart gjeve attende til palestinarane.
Nord-Shomron: | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shomron Regional Council» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 9. oktober 2014.