Hindlebreen er ein isbre som er 10 km lang, og som flyt nord frå nærleiken av Mount Paterson og ut i Royal Bay på nordkysten av Sør-Georgia. Han vart kartlagt av South Georgia Survey (SGS), 1951–52. Namnet «Brucebreen» vart uoffisielt nytta av British South Georgia Expedition i 1954–55, men fleire stader i Antarktis er kalla opp etter dr. William S. Bruce. UK Antarctic Place-Names Committee tilrådde i 1957 at breen fekk namn etter dr. Edward Hindle, ein britisk zoolog som var uløna sekretær i Royal Geographical Society, og som assisterte South Georgia Survey-ekspedisjonane.[1]

Hindlebreen
isbre
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°34′S 36°5′W / 54.567°S 36.083°W / -54.567; -36.083
Lengd 10 km
Kart
Hindlebreen
54°34′00″S 36°05′00″W / 54.566666666667°S 36.083333333333°W / -54.566666666667; -36.083333333333

Kjelder endre

  1. «Hindle Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 1. desember 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hindlebreen» (innhald frå Geographic Names Information System).