Hiphop (utt. ['hipphåpp]) er ein subkultur og musikksjanger med opphav i afroamerikanske og puertoricanske miljø i byen New York under seinare delen av 1970-talet og tidlege delen av 1980-talet. Hip hop er eit engelsk omgrep og somme skribentar fornorskar det til hipphopp og hiphopkultur.

Den afroamerikanske musikaren Wonder Mike i gruppa The Sugarhill Gang var ein av pionerane innan hiphop.
Foto: Jonathan Cary

Musikken endre

Den første framveksten av sjangeren kom då Afrika Bambataa starta som DJ på store illegale kvartersfestar i New York-bydelen The Bronx på 70-talet. Ein tjuvkopla straum frå gatelampane for å drive lydanlegga. Bambataa starta med å rappe til musikken sin og då særskilt om at gjengen på gata skulle gjere opp i battlerap i staden for å slåst og myrde på gata. Detta skjedde faktisk for ein stor del. Den første låten som vart populær utanfor dei svarte storbyområda var Rapper's Delight (1979) med The Sugarhill Gang og musikkstilen fekk eit gjennombrot med denne låten. Andre viktige pionerar var Kool DJ Herc og gruppa Grandmaster Flash & The Furious Five. Tekstane på plata The Message (1982) tar opp sosiale storbyproblem og syner at hiphop kan vere noko meir enn berre festmusikk.

Andre viktige straumdrag som følgde var den politisk drive hiphopen som gruppa Public Enemy leia under 1980-talet, og den upolitiske gangsterrappen som følgde etter i byrjinga av 1990-talet. I seinare år har hiphopen i USA blitt meir og meir stuerein og kommersielt framgangsrik, noko som mange kritikarar ser på som ei utvatning av musikkstilen.

Sjå òg austkystrap, vestkystrap og sørstatsrap.

Hiphop i Noreg endre

Hiphop i Noreg tok til med X-Ray Posse og då hovudsakleg gruppa A-Team, som debuterte i 1989. Tekstane deira var på engelsk, norskspråkleg hiphop kom ikkje før i 1994 med Gatas Parlament.

Den første suksessfulle norske hiphopgruppa var Warlocks, som slo gjennom med singelen «Flashbacks» i 1997. Warlocks var ein del av Tee Productions, som eigast av mannen mange reknar som Noregs hiphop-"gudfar"; produsenten Tommy Tee. Andre viktige hiphop-pionerar er Jester og breakdansaren og graffitimålaren Sean

Rundt hundreårsskiftet vart rap på norsk meir vanleg, med gode salstal frå grupper som Klovner i kamp og Tungtvann. Mediefokuset på morsmålsrapparar førte til ei valdsam oppbløming i miljøet, og søkelyset hamna i stor grad på dei norskspråklege. I 2002 debuterte Paperboys og gav engelskspråkleg rap litt publisitet att, og i 2003 slapp Equicez det første albumet med 50/50 engelsk og norsk rap.

Miljøet har si eiga årlege prisutdeling Norwegian Hip Hop Awards.

Miljøet er sterkt mannsdominert, men det har vore jenter med heilt frå starten. I 1990 vart MC Cey den andre (etter nordnorske Felony Force) til å gje ut hiphop i det heile teke i Noreg med 7"-singelen «3.5.25/Hold it». I 2003 vart dessutan Christine Dancke kjent med låten Jenteinvasjon.

Sjå òg eigen artikkel, «Norsk rap».

Kulturen endre

Hiphopkulturen reknast å vere sett saman av fire former for uttrykk, òg kalla dei fire element i hiphop: MC-artisteri, DJ-artisteri, graffiti og breikdans.

Breakdance endre

 
Oppvising i Wien.
Foto: Henryart

Danseforma kallast også «street» og skil seg ganske mykje frå den tidlege hiphopen. Ein dansar ei blanding av stilane «old school», «locking», «popping», «ragga», «new school» og «break». Det vert arrangert tevlingar der folk «battlar», det vil seie tevlar for å visa dugleik i dans.

MC-artisteri endre

MC, eller Rappar er den som rappar, oftast til bakgrunnsmusikk, som DJ’en har hand om. Rapparane legg mest vekt på tekstane i framføringa, tekstane skal vere skildrande og handle om noko, samtidig som dei skal innehalde rim og ordleikar. Tekstane skil dei røynde frå dei urøynde rapparane. Eit anna viktig kriterium for MC’en er flyten, «flow», som fortel korleis han legg orda i forhold til beaten.

MC betyr «Master of Ceremony» og omgrepet stammar frå gatefestene som var vanlege i Bronx under framveksten av hiphop. Under festane så freista arrangøren, MC’en, å skape orden blant folk på gata med mikrofon i handa.

DJ-artisteri endre

DJ er den som skøyter skivespelarane anten som einsam artist eller saman med andre MC’ar og/eller DJ’ar.

Graffiti endre

Graffiti er ein abstrakt eller surrealistisk kunstform, til vanleg måla med sprayfargar på veggar, ofte illegalt. For den ihuga graffitimålaren gjelder det å gjere namnet sitt kjent blant andre målarar gjennom kunstnarleg førleik og djervskap i å måla på utilgjengelege stader. Då dette ofte skjer på plassar kor spraymåling ikkje er tillate, lever graffitimålaren i natta, i konflikt med vektarar og andre ordensmakter som stundom grip inn for å stogge slik verksemd.

Kjelder endre