Opna hovudmenyen

Hiroyasu Shimizu (fødd 27. februar 1974) er ein japansk tidlegare skeiseløpar frå Obihiro. Han vart olympisk meister på 500 meter under Vinter-OL 1998 i Nagano og sette fire verdsrekordar på spesialdistansen i tida 1996-2001, sist med 34,32 sekundar.

Hiroyasu Shimizu
Hiroyasu Shimizu.JPG
Fødd 27. februar 1974
Obihiro
Yrke skøyteløpar
Hiroyasu Shimizu på Commons

Shimizu vart nummer tre i sprint-VM 1993. Både i 1995 og 1996 tok han steget opp på andreplassen i same meisterskapen, høvesvis Kim Yun-man frå Sør-Korea og russiske Sergej Klevtsjenja var for sterke. Den 2. mars 1996 sette han verdsrekord på 500 m med tida 35,39 i Calgary.

I vinterleikane 1998 på japansk heimebane vann Shimizu OL-gull på 500 m og tok bronsemedaljen på 1000 meter. Ein månad etter OL i Nagano forbetra han med klappskøyter sin eigen verdsrekord på 500 m til 35,36, før han to dagar seinare smelte til med fabelaktige 34,82 sekundar på same arenaen.

Shimizu vart tredjemann i sprint-VM 1999 og i 2000. Under sprint-VM 2001 fekk han si tredje sølvmedalje då han plasserte seg mellom kanadiarane Mike Ireland og Jeremy Wotherspoon. 10. mars 2001 sette han sin fjerde verdsrekord på 500 m då han vart klokka inn til 34,32 sekundar på den komande OL-arenaen i Salt Lake City. Året etter var han tilbake same bana, der han gjekk inn til sølv på spesialdistansen, slått med 0,03 sekund av Casey FitzRandolph frå USA.

Alle åra 1996-2001 gjekk Shimizu inn til siger på 500-meteren i VM i enkeltløp, bortsett frå i 1997. Omframt dei fem gullmedaljane tok han tre sølv- og to bronsemedaljar på ulike 500- og 1000-metrar i VM enkeltløp i tida fram til 2005. Han la opp etter 2006-sesongen.

KjelderEndra