Sergej Klevtsjenja
Sergej Konstantinovitsj Klevtsjenja (fødd 21. januar 1971) er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Barnaul i Russland. Han vart verdsmeister i sprint i 1996 og 1997.
Sergej Klevtsjenja | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 21. januar 1971 (53 år) Barnaul |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 500 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 1000 meter herrer |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse |
Klevtsjenja vann to olympiske medaljar under Vinter-OL 1994 på Hamar. Han kom på andreplassen på 500 meter, slått av landsmannen Aleksandr Golubev med seks hundredels sekund, medan det vart bronsemedalje på 1000 meter bak Dan Jansen frå USA og Igor Zjelesovskij frå Kviterussland. Seinare i OL-sesongen vart han andremann i sprint-VM i Calgary, også det ei tevling som Dan Jansen vann.
Både under sprint-VM 1996 og 1997 gjekk Klevtsjenja heilt til topps. I Heerenveen i 1996 parkerte han japanesarane Hiroyasu Shimizu og Junichi Inoue i kampen om VM-tittelen, og på Hamar i 1997 stod han i vegen for at arrangørlandets eigen Roger Strøm skulle verte verdsmeister.
Åra 1996-2001 sikra Klevtsjenja seg ein medalje av kvar valør på uilke sprintdistansar under VM i enkeltløp.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sergej Klevtsjenja» frå Wikipedia på nederlandsk, den 24. november 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- «Sergey Klevchenya» (på engelsk). olympedia.org. Henta 26. januar 2023.