Jeremy Wotherspoon

Jeremy Lee Wotherspoon (fødd 26. oktober 1976) er ein kanadisk tidlegare skeiseløpar og seinare -trenar frå Red Deer i Alberta. Han vart sprint-verdsmeister i 1999, 2000, 2002 og 2003, og sette i tida frå desember 1997 til november 2007 sju verdsrekordar på 1000 meter og tre på 500 meter.

Jeremy Wotherspoon

Statsborgarskap Canada
Fødd 26. oktober 1976 (47 år)
Humboldt
Yrke skøyteløpar
Høgd 190 centimeter
Ektefelle Kim Weger
Jeremy Wotherspoon på Commons

Aktiv endre

Wotherspoon sette sin fyrste verdsrekord i Calgary den 29. desember 1997, der han vart klokka inn på 1.10,16. Seinare i OL-sesongen vart han andremann etter Jan Bos i sprint-VM 1998 i Berlin, før han tok sølvmedaljen på 500 m under Vinter-OL 1998 i Nagano, slått av arrangørlandets Hiroyasu Shimizu.

Vinteren 1999 tok Wotherspoon tilbake verdsrekorden på 1000 m og forbetra den, etter løp på 1.09,09 i januar og 1.08,66 fem veker seinare. Det siste løpet fann stad eit par-tre timar etter han sette verdsrekord på 500 m med 34,76 sekundar, dei to løpa la grunnlaget for sigeren i sprint-VM 1999 på heimebane i Calgary. Året etter forsvarte Wotherspoon VM-tittelen i Seoul, hardt pressa av landsmannen Mike Ireland. Ved sprint-VM 2001 kjempa dei same to og Hiroyasu Shimizu om laurbærkransen, ei tevling som enda med triumf til Ireland, sølv til Shimizu og bronse til Wotherspoon.

Den 1. desember 2001 sette Wotherspoon sin sjuande og siste verdsrekord på 1000 m, tida 1.07,72 vart oppnådd på OL-isen i Salt Lake City. Men som favoritt under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City i februar månad 2002 mislukkast han, då han fall tidleg i 500-meterløpet og enda på 13. plass på 1000-meteren. Derimot vann han sprint-VM 2002 på Hamar på ein overbevisande måte, og han var også klart best då han i 2003 vann sprint-VM for fjerde gong. Sesongane 2004 og 2005 enda han på andreplass i sprintmeisterskapane, begge gongane slått av Erben Wennemars frå Nederland.

Wotherspoon sette sin siste verdsrekord då han smelte til med 34,03 sekundar på 500 m i Salt Lake City den 9. november 2007. Under sprint-VM 2008 i Heerenveen kjempa han drabeleg mot sørkoreanaren Lee Kyu-hyuk, og enda på sølvplassen etter ein litt tam siste 1000 meter. Då Vinter-OL 2010 fann stad i Vancouver kom Wotherspoon i mål til niandeplass på 500 m.

Sidan 2016 er Wotherspoon landslagstrenar for Noreg.

Kjelder endre