Hirse er ei gruppe matplantar i grasfamilien. Dei er kjenneteikna av små frø som kan brukast til menneskemat og dyrefôr. Alle hirsetypane er naturleg frie for gluten. Dei fleste artane kjende som hirse høyrer til tribusen Paniceae. Dei veks i tørre klima.

Hirseslaget Panicum miliaceum

Det finst mange ulike hirseplantar, som Pennisetum glaucum, Setaria italica, Panicum miliaceum og Eleusine coracana. Dei er ikkje nært i slekt seg imellom. Fleire typar blir dyrka i Afrika og i Asia og Europa.

Finn ein ei oppskrift med «hirse», kan det vere ulike hirsetypar som det er snakk om: Perlehirse, «vanleg» hirse, fingerhirse eller til og med sorghum kan av og til kallast hirse. Det er svært ulike planter, og dei kan ikkje alltid erstatte kvarandre.

Den planten ein i Noreg vanlegvis kallar hirse, kan òg kallast romersk hirse, sidan romarane dyrka han. Det blir i dag selt hirse i både helsekostforretningar (romersk hirse) og i innvandrarbutikkar (fingerhirse i tamilske butikkar kalla kurukkan, perlehirse i pakistanske butikkar kalla bajra, sorghum som heiter jowar på hindi).

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Hirse