Hirsel Lake
Hirsel Lake eller Lake of the Hirsel er ein kunstig innsjø nær Coldstream i det historiske fylket Berwickshire, no Scottish Borders, i Skottland.[1] Han ligg på eigedomen The Hirsel, heimstaden til familien Home og den britiske statsministeren Alec Douglas-Home.
Hirsel Lake | |||
innsjø | |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Region | Scottish Borders | ||
Stad | Coldstream | ||
Areal | 0,11 km² | ||
Type | reservoar | ||
Lake of the Hirsel 55°39′20″N 2°16′46″W / 55.655692°N 2.279561°W | |||
Wikimedia Commons: Hirsel Lake |
Innsjøen dekkjer om lag 11 hektar og er om lag forma som ein firkant, med sider på 300-400 meter. Han utgjer eit viktig hekke- og overvintringsområdet i Scottish Borders-regionen, og er del av Hirsel Site of Special Scientific Interest (SSSI).[2]
Det er ein av få innsjøar i Skottland som er omtalt som «lake» og ikkje «loch».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake of the Hirsel» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- ↑ The Hirsel, Hirsel Lake, Canmore, henta 22. september 2017
- ↑ THE HIRSEL, Historic Environment Scotland, henta 22. september 2017