Historielaget for Sogn

Historielaget for Sogn var ein organisasjon, oppretta 30. mai 1909. Ved skipinga gav privatsamlaren Gert Falch Heiberg ein antikvarisk bygning, meir enn 3000 museumsgjenstandar og ein runestein til laget, og gav lovnad om fri grunn til eit museum på sin gard i Amla i Sogndal til eit folkemuseum for Sogn. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum vart grunnlagt saman med Historielaget for Sogn.

Eit hovudføremål med Hisorielaget var å stå som eigar av folkemuseet. I tillegg skulle laget gi ut eit tidsskrift (Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn, frå og med 1982 med namnet Årbok for Sogn) og elles driva granskingar i Sogn si soge.

I praksis vart Historielaget eigarorganisasjon for museet, utan særleg annan sjølvstendig aktivitet. Gert Falch Heiberg vart vald til formann i laget i 1909, og hadde dette vervet, samstundes som han styrte museet, fram til han døydde i 1944. Etter kvart som det offentlege tok meir ansvar for finansiering av av museet og også stilte krav om sterk offentleg representasjon i styringa av museet miste Historielaget for Sogn meir og meir sin funksjon som eigarorganisasjon. Då Norsk Reiselivsmuseum vart konsolidert med De Heibegske Samlinger 1. januar 2007, vart museet omdanna til ei stifting, og Historielaget for Sogn la seg sjølv ned. De Heibergske Samlinger har halde fram med å gi ut tidsskriftet Årbok for Sogn.

Referansar endre

  • Avdem, Anna Jorunn, Engesæter, Aage, Vold Lars Asle: LEVD LIV. Ei soge om sogningane og museet deira. Skald forlag 2009.
  • Engesæter, Aage: «Minne og refleksjonar frå eit museumsliv». I Årbok for Sogn, nr, 41, 1995.
  • Lidal, Per: «Lokalhistorisk arbeid i eldre tid». I "Historielaget for Sogn 50 år 1901 - 1959. Leikanger 1959