Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Reiselivsmuseum er eit museum som ligg i sentrum av Balestrand. Det held til i nye lokaler skore inn i Balestrands grunnfjell, som vart opna 29. april 2016.[1]

Norsk Reiselivsmuseum

Fasaden til museet og Vindreken i bakgrunnen
Norsk Reiselivsmuseum
StadBalestrand
Skipa1986/2001/2016
Opna2016
Nettstadhttp://reiselivsmuseum.no
Kart
Norsk Reiselivsmuseum
61°12′37″N 6°32′11″E / 61.21033°N 6.53642°E / 61.21033; 6.53642
Balestrand
Balestrand og Sognefjorden

Museet vart etablert som ei stifting med namnet Vestnorsk Reiselivsmuseum i 1986. I 2001 skifta stiftinga namn til Norsk Reiselivsmuseum. I 2007 vart Norsk Reiselivsmuseum konsolidert med De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum for så i 2009 å bli konsolidert som ein del av Musea i Sogn og Fjordane, der alle dei store musea i fylket no er med.

Norsk Reiselivsmuseum formidlar reiselivshistoria i Norge frå byrjinga av 1800-talet fram til i dag. Museet disponerer to antikvariske bygningar på kaia i Balestrand og eig i tillegg den gamle dampskipsekspedijonen i bygda. Husa er ulike i stilar og vart bygde i perioden 1880–1920. Dei vert i dag nytta til formidling og utstillingar.

Statsbygg starta i november 2012 bygging av drifts- og utstillingsbygg for Norsk Reiselivsmuseum. Bygget er teikna av Askim & Lannto arkitekter, og vart saga og sprengt inn i fjell. Nybygget, med eit areal på 1810 m², stod ferdig i 2014 og vart opna for publikum i 2016.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre