De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

61°11′16″N 7°13′4″E / 61.18778°N 7.21778°E / 61.18778; 7.21778

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

Helgeheimstova
StadSogndal kommune
Skipa1909
Nettstadwww.misf.no/de-heibergske-samlinger
Kart
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum
61°12′25″N 7°11′17″E / 61.2069229°N 7.1880855°E / 61.2069229; 7.1880855
Hovudbygningen
Heljegardsstabburet og Vigdalsloftet

De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum er eit museum i Sogndal kommune i Vestland. Museet blei skipa av Gert Falch Heiberg i 1909. Frå 2009 er det ein del av Musea i Sogn og Fjordane.

Historie endre

Museet har fått namnet sitt frå museumspioner Gert Falch Heiberg. Heiberg samla gjenstandar frå Sogn tidleg på 1900-talet, og i 1905 bygde han ein utstillingsbygning. I 1909 donerte han samlinga si til Historielaget for Sogn, og De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum vart etablert og bygd opp på ein del av Heiberg sin eigedom.[1]

Museet endre

Museet ligg mellom Kaupanger og Sogndalsfjøra og omfattar et friluftsmuseum med oppimot 40 bygningar som stammar frå ulike tidsepokar - frå mellomalderen til 1980-talet, eit tradisjonelt gardsbruk med hest, kyr, sauer, griser og høns, i tillegg til utstillingsbygning med faste og skiftande utstillingar. Museet har også kafé og museumsbutikk.[2] Utstillingsbygningen er open heile året, medan resten av museet har ope frå mai til september.

Eit av tilboda som besøkande og andre kan nytte seg av er innspelte lydguidar som fortel historia til 40 punkt og bygningar i friluftsmuseet.[3]

Kjelder endre

  1. Engesæter, Aage (2001), Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  2. «Om museumstilbodet | De Heibergske Samlinger», Musea i Sogn og Fjordane (på norsk), henta 15. november 2023 
  3. Lydguide til friluftsmuseet

Bakgrunnsstoff endre