Herøyspelet Kongens Ring
Herøyspelet Kongens Ring er eit historisk spel og musikal, som utspelar seg på øya Herøy i Herøy kommune på Sunnmøre.





Herøyspelet vart fyrste gong sett opp i 1992 etter eit manus av Rolf Losnegård og musikk av Svein Møller. Gerald Pettersen har heilt sidan starten vore regissør, men fekk i 2005 for første gong med seg ein assistent, Katrine Dale. Heilt sidan starten har òg kjende, norske skodespelarar hatt roller i Herøyspelet, mellom andre Helge Jordal, Karoline Krüger, Agnes Kittelsen, Gard Skagestad, Heidi Ruud Ellingsen, Hedvig Garshol, Anette Hoff, Nils Ole Oftebro og Bjørn Wilberg Andersen.
Manuset Endra
Manus er laust basert på teksten i kapittel 142 i Heimskringla, soga om Olav den Heilage. Der står det at kongen var innom Herøyane, det som ein i dag kallar Herøyholmane, og utfordra dei i gjestebodet om å reise til Færøyane for å krevje inn skatt. Den som meldte seg var til slutt Karl Mørske eller Møre-Karl, ein av dei som i utgangspunktet var imot det kongen stod for. Rundt denne soga, er det bygd opp ei dramatisk historie der nære og personlege problemstillingar er sentrale, og då særskilt rundt Unn den fagre. Kristninga av Noreg og den heidenske kulturen fungerer som eit bakteppe for hendingane.
Aktørar Endra
- Regissør: Gerald Pettersen (1992—2015)
- Regiassistent: Katrine Dale (2005)
- Komponist: Svein Møller
- Forfattar: Rolf Losnegård
- Forteljar: Bjørn Holum (1992—2015).
Roller Endra
- Unn den fagre:
- Karoline Krüger
- Hedvig Garshol (2003)
- Agnes Kittelsen (2005, 2007 og 2012)
- Kjersti Botn Sandal (2011)
- Heidi Ruud Ellingsen (2013)
- Fe den synske:
- Bjørn Wilberg Andersen (2001—2007)
- Olav Haraldsson:
- Håkon Ramstad (1992—1998)
- Gard Skagestad (1999—2007)
- Fredrik Steen
- Håkon Ramstad (2011)
- Pål Sverre Hagen (2013)
- Kjerring Bråte:
- Oddbjørg Remøy (1992-2001)
- Nina Elisabeth Bøe (2002—2007)
- Anette Hoff (2012-)
- Karl Mørske:
- Jon Bleiklie Devik (2005)
- Ragnar Herøyhovding, far til Unn den fagre:
- Randolf Walderhaug (2005)
- Helge Jordal (2007)
- Nils Ole Oftebro (2012)
- Biskop Grimkjell:
- Roar Skoglund (1992-)
- Morten Gusdal
- Joakim Eiksund
- Ingolv Ynda:
- Hallvard Lydvo
- Thomas Myklebust (2002—2007)
- Frode Bjorøy (2012)
- Inga, mor til Unn den fagre: Hedvig Garshol (2005—2007)
- Oddhild Brandal (1994-2005)
- Bjørn Stallare:
- Sigurd Voldsund Nygård (-2015)