Håkonarspelet
Håkonarspelet er eit historisk spel som har blitt oppført i Hordaland og Sogn og Fjordane, første gongen i 1997.
Spelet er skrive av Johannes Heggland og er i fem sjølvstendige delar, ein for kvar stad det har vore oppført. Dette har bl.a. vore på Marinebasen Haakonsvern, Fitjar og Seim i Hordaland og på Flolid ved Eivindvik i Sogn og Fjordane.
Spelet har hatt skodespelarar frå Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater i leiande roller og ei rekke lokale skodespelarar og statister i andre roller. Tanken var at spelet skulle oppførast kvart år, men det har vist seg å vera vanskeleg. Dette skuldast særleg at både organisering, tilrettelegging og gjennomføringa av sjølve spelet i stor grad har vore basert på dugnadsinnsats frå lokale eldsjelar.
I 2000 blei alle delane sett saman til eit spel og framført på Bergenhus festning.
I samband med opninga av Tusenårsstaden Gulatinget i 2005 blei delar av spelet også framført.
I august 2010 skal Håkonarspelet igjen visast på Håkonshaugen på Seim i Lindås.
-
Frå oppføringa av Håkonarspelet på Flolid
Foto: Nina Aldin Thune
-
Frå oppføringa av Håkonarspelet på Flolid
Foto: Nina Aldin Thune
-
Frå oppføringa av Håkonarspelet på Flolid
Foto: Nina Aldin Thune
Bakgrunnsstoff
endre- Håkonarspelet i Eivindvik
- Håkonarspelet på Seim Arkivert 2006-11-09 ved Wayback Machine.
- Håkonarspelet på Fitjar[daud lenkje]
- Håkonarspelet på Haakonsvern/Håkonshella Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- Bilde frå spelet på Flolid ved Eivindvik 2005 Arkivert 2006-02-19 ved Wayback Machine.