Hīt, òg skrive Heet (arabisk هيت), i oldtida kalla Is, er ein by i Irak i Al-Anbar guvernement. Hīt ligg nordvest for Ramadi, provinshovudstaden.

Hīt
arabisk هيت
by
0311iraq.jpg
Hit i 2004
Land Flag of Iraq.svg Irak
Guvernement Al-Anbar
Distrikt Hīt-distriktet
Koordinatar 33°38′42″N 42°49′35″E
Folketal 95 800 (2013)
Tidssone GMT+3 (UTC+3)
Postnummer 31007
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hīt

Hīt er ein liten, innmura by ved Eufrat, bygd på to haugar der oldtidsbyen Is låg. I oldtida var byen kjend for brunnar med bitumen, som vart nytta heilt attende til 3 000 å sidan. I dag er Hīt er ein marknadsplass for jordbruksvarer og oljerøyrleidninga til Middelhavet kryssar Eufrat her. Før nedgangen i elvetrafikk va Hit rekna som det øvste farbare punktet i elva.[1]

I oktober 2014 fall Hit til Den islamske staten.[2] og vart frigjort av den irakiske hæren og allierte styrkar 14. april 2016.[3]

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. «Hīt». The New Encyclopædia Britannica V. Chicago: Encyclopædia Britannica, Inc. 1980. s. 66. 
  2. http://america.aljazeera.com/articles/2014/12/13/isil-al-wafa-attack.html
  3. agencies, The New Arab &. «irakiske styrkar recapture key town from IS militants». alaraby (på engelsk). Henta 22. juni 2019.