Ramadi (arabisk الرمادي, Ar-Ramādī, tidlegare skrive Rumadiyah eller Rumadiya) er ein by sentralt i Irak, kring 110 km vest for Bagdad og 50 km vest for Fallujah. Han er hovudstad i Al Anbar guvernement. Byen ligg langs Eufrat og er den største byen i Al-Anbar. Han vart skipa av Det osmanske riket i 1879 og i 2011 hadde han kring 375 000 innbyggjarar. Dei fleste av innbyggjarane er sunni-arabarar frå Dulaim-stamma. Han ligg i Sunni-triangelet vest i Irak.

Ramadi
arabisk الرمادي, Ar-Ramādī
by
Ramadi Aerial Picture - April 2008.jpeg
Land Flag of Iraq.svg Irak
guvernement Al Anbar guvernement
Høgd 50 moh.
Koordinatar 33°25′11″N 43°18′45″E
Folketal 375 000 (2011) [1]
Tidssone GMT+3 (UTC+3)
Postnummer 31001
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ramadi

Ramadi ligg på ein særs strategisk stad ved Eufrat og vegen vestover til Syria og Jordan. Dette har gjort staden til eit trafikknutepunkt som har danna grunnlaget for velstand i byen. Plasseringa har òg ført til at byen er blitt kjempa om mange gonger, som under dei to verdskrigane, Irakkrigen og det irakiske opprøret. Han vart kraftig skadd under Irakkrigen, då han vart eit viktig fokus i opprøret mot dei okkuperande amerikanske styrkane. Etter at dei amerikanske styrkane trekte seg ut av Irak i 2011, vart byen kjempa om mellom dei irakiske styresmaktene og ekstremistgruppa Den islamske staten (ISIL) og fall til IS i mai 2015. Den 6. oktober 2019 erklærte dei irakiske styresmaktene at dei hadde teke Ramadi attende frå IS, den første store militære sigeren deira sidan dei hadde tapt Ramadi nokre månader tidlegare.[2]

KjelderEndra

  1. http://www.citypopulation.de/Iraq.html#Stadt-alpha
  2. «Iraqi Army Says It Has Retaken City Of Ramadi From ISIS». Huffington Post. Reuters. 6. oktober 2019. Henta 6. oktober 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Ramadi