Hjalmar Branting

svensk diplomat og politikar

Karl Hjalmar Branting (23. november 186024. februar 1925) var ein svensk sosialdemokratisk politikar og journalist, fødd og død i Stockholm. Han var partileiar for Socialdemokraterna frå 1907 og vart i 1920 den fyrste sosialdemokratiske statsministeren i Sverige.

Hjalmar Branting
Hjalmar branting stor bild.jpg
Fødd23. november 1860
Klara församling
Død24. februar 1925 (64 år)
Statsborgar avSverige
PartiSveriges socialdemokratiska arbetareparti, politisk vilde
Yrkepolitikar, diplomat, journalist, redaktør
Utdanna vedUppsala universitet
MorEmerentia Maria Charlotta af Georgii
FarLars Gabriel Branting
EktefelleAnna Branting
BarnGeorg Branting, Sonja Branting-Westerståhl

Branting var riksdagsmann 1897–1925 og partileiar for Socialdemokraterna 1907–25. Han var finansminister i Sverige 1917–18, deretter statsminister 1920, 1921–23 (også utanriksminister) og 1924–25.

Branting vart tildelt Nobels fredspris 1921 saman med Christian Lous Lange for sin innsats i Folkeforbundet.[1][2]

KjelderEndra

  1. «The Nobel Peace Prize 1921». Nobelprize.org. Henta 29. september 2015. 
  2. «Hjalmar Branting - Facts». Nobelprize.org. Henta 29. september 2015. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Hjalmar Branting
  Denne historieartikkelen som har med politikk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.