Hjalmar Balduin Gjertz (14. mars 182325. mai 1902) var ein norsk embetsmann og politikar frå Kristiania. Han var stortingsmann frå Kongsberg i 1874-76.

Hjalmar Gjertz
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mars 1823
Død

25. mai 1902 (79 år)

Gjertz var son til ein by-/rådstuskrivar. Etter han vart student i 1840, studerte han jus og var cand.jur. i 1845. Dei neste sju åra var han fullmektig hos ein sorenskrivar. Frå 1852 arbeidde han i Justisdepartementet; kopist frå 1852, fullmektig frå 1857, byråsjef frå 1859. I 1865 vart han utnemnd til sorenskrivar i Numedal og Sandsvær, eit embete han hadde til 1893.

Gjertz representerte valkrinsen Kongsberg på Stortinget perioden 1874-76. Han var sekretær 1874 i Næringskomite nr 1, og 1875-76 i Næringskomite nr 2. I 1875 fekk han plass i den kongelege kommisjonen om bergverkslova.

Gjertz var ugift, og flytta tibake til hovudstaden etter han slutta som sorenskrivar.

Kjelder endre