Hjartemuskelen

midtre del av hjarteveggen, samansett av hjartemuskulatur

Hjartemuskelen eller myokard (frå gresk mys «muskel» og kardia «hjarte») er muskelen i hjartet. Inn mot blodet er det kledd med eit cellelag kalla endokard, danna av spesialiserte endotel-cellar. På yttersida er myokard dekt av perikard, ein pose av bindevev.

Eit hjarte med myokard synleg som det mørkeraude på hjartet. Utanfor ligg epikard, eit gjennomsynleg lag av serosaceller.

Muskelcellane i myokard er unike i det at dei kan trekke seg saman spontant, og kan leia straum som nervecellar.

Myokard får blodforsyninga si frå kranspulsårene som går av frå hovudpulsåra. Blir desse årene tronge eller tilstoppa av aterosklerose eller blodproppar kan ein få angina pectoris eller hjarteinfarkt.

Nokre virus kan gje betennelse i hjartemuskelen, myokarditt.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.