Hjarteskjel
(Omdirigert frå Hjartemusling)
Hjarteskjel (Cardiidae) er ein biologisk familie av muslingar i underklassen Heterodonta. Dei er kjenneteikna av sterkt boga kraftige skal som har tydelege, ofte pigga ribber som går radiært ut frå skalnavlen eller umbo. Skala er hjarteforma sett framme- eller bakfrå. Skjela er kjende som mat i mange kulturar.
Hjartemusling | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Blautdyr Mollusca |
Klasse: | Muslingar Bivalvia |
Underklasse: | Heterodonta |
Orden: | Veneroida |
Familie: | Hjartemusling Cardiidae Lamarck, 1809 |
Familien omfattar mellom anna vanleg hjarteskjel eller saueskjel (Cerastoderma edule), pigghjarteskjell (Acanthocardia echinata) og glatt hjarteskjel (Laevicardium crassum), som alle finst i Noreg.
Kjelder
endre- Sømme, Lauritz S. (13. september 2012), «Hjerteskjell», Store norske leksikon
- Hjerteskjell - Cardiidae Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine., artsdatabanken.no
Bakgrunnsstoff
endre
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Cardiidae