Hjernestamme

(Omdirigert frå Hjernestammen)

Hjernestammen er ein del av hjernen som stikk ned under storhjernen og bind han saman med ryggmergen. Han finst hjå menneske og mange virveldyr, og blir som regel rekna med å omfatta den forlenga mergen (medulla oblongata eller myelencephalon), hjernebrua (pons) og midthjernen (mesencephalon).[1]

Hjernestammen i eit menneskehovud.

Hjernestammen regulerer funksjonar som ikkje er viljestyrte, som anding, blodtrykk, søvn og hjarterytme. Han utgjer den viktigaste kommunikasjonsvegen mellom storhjernen, veslehjernen, ryggmergen og det perifere nervesystemet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «brainstem». The Free Dictionary (Medical Dictionary utg.). Farlex. Henta 1. desember 2013. 

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.