Hjuldampar er eit skip drive med dampmaskin og eit skovlhjul på kvar side, eller eit stort skovlhjul i hekken, i staden for propell.

Hjuldamparen DS «Constitutionen» i hamna i Arendal midt på 1800-talet. Bilete frå Norge fremstillet i Tegninger frå 1848.

Dei fyrste dampskipa i fart på verdshava var hjuldamparar som både hadde dampmaskin og segl; dei hadde skovlhul på kvar side. Men etter at skipspropellen[1] vart funne opp på byrjinga av 1800-talet, gjekk dei havgåande hjuldamparane snøgt ut or bruk, då skip med propell eigna seg mykje betre i hardt vêr. Hjuldamparane var særleg eigna for grunne farvatn som til dømes elvar, då skovlhjula ikkje treng særleg djupne for å fungere, og difor kunne vere meir eigna enn propellar. Særleg vart dei store og grunne elvene i USA, som til dømes Mississippi, mykje trafikkert med hjuldamparar i si tid.

Den norske hjuldamparen DS «Skibladner», bygd i 1856 for trafikk på innsjøen Mjøsa, er den eldste hjuldamparen i verda som framleis går i rute, no til glede for sumarturistar. Men den fyrste hjuldamparen i Noreg var DS «Constitutionen», som vart kjøpt inn frå England i 1826 og gjekk i kystfart.

Biletdøme

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  1. Osnes, Andreas (26. november 2024). «propell – sjøvesen». Store norske leksikon (på norsk).