DS «Constitutionen»

DS «Constitutionen» var ein hjuldampar og Noregs fyrste dampbåt. Eigar var Postverket. DS «Constitutionen» vart kjøpt inn frå England i 1826 i hovudsak for å betre postgangen, men båten tok og passasjerar og last. DS «Constitutionen» trafikkerte kystruta mellom Oslo og Kristiansand.

Hjuldamparen Constitusionen ved Arendal hamn midt på 1800-talet. Frå Norge fremstillet i Tegninger frå 1848.

Same år kjøpte Postverket enda eitt skip, DS «Prinds Carl». Dei to skipa korresponderte i Stavern. DS «Prinds Carl» gjekk til København via Göteborg og var dermed den første danskebåt med motor som gjekk i fast rute.

Constitutionen vart hogd opp i 1871.

AnnaEndra

Då «Constitutionen» ankom Oslo den 17. mai 1829 byrja opptakten til det såkalla «Torgslaget» der blant anna Henrik Wergeland kjempa for å markere Noregs grunnlovsdag.

BakgrunnsstoffEndra

Riksarkivet om posttransporten og DS «Constitutionen», med bilete av skuta.

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.