Hn/Drontar
- Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Drontar».
Drontane (Ráphidae) er eit fugleslag som sokna til duvefuglane, men som hev dåe ut. Dette var store fuglar som ikkje var føre til å fljuga, og som ikkje hadde serlege likskapar med duvor av i dag elles helder. Drontane var helst klumpute å sjå til og vanta venger. Dette gjorde deim so hjelpelause i møte med menneske, dei endå kunde fangast med berre nevane. Sidan kjøtet på dronten visstnog var godt på smak, vart dei veidde ned av europearane. Der fanst tri artar drontar, og dei livde på øyar i Indiahavet nære Madagaskar. Alle tri artane vart med kvart rudde ut etter at europeiske sjøfolk kom til øyane.
Dei tri artane var:
- Dronten (Rálphus cucullátus) som vog innpå 20-25 kg og livde på Mauritius. Sidsten av denne arten vart drepen i 1681.
- Eremittfuglen elder reuniondronten (Ráphus solitárius) som livde på Réunion. Denne arten liktest mykje dronten på Madagaskar, men var kvit flekkjomtil. Denne arten do ut i 1746.
- Solitærfuglen elder rodriguesdronten (Pezóphaps solitária) som livde på Rodriguez. Arten var litegrand mindre en hine drontane. Sidste solitæren do ikring 1790.
Peikar ut
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hn/Drontar