Dronte
fugleart
Dronten (Raphus cucullatus) er ein utdøydd fugleart i den biologiske ordenen duefuglar, Columbiformes. Fuglane kunne vega innpå 20-25 kg. Arten levde berre på øya Mauritius. Den siste av denne arten vart drepen i 1681.
Dronte | |
Dronte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utdøydd Utbreiinga av dronte | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Duefuglar Columbiformes |
Familie: | Drontar Raphidae |
Slekt: | †Raphus |
Art: | †Dronte R. cucullatus |
Vitskapleg namn | |
Raphus cucullatus |
Drontane var store fuglar som ikkje kunne flyge. Drontene var ein del av Columbiformes, duefuglane, men hadde elles ikkje særlege likskapar med duer av i dag. Dei var helst klumpete å sjå til og vanta både venger og naturleg frykt for menneske. Såleis vart dei hjelpelause i møte med dei europeiske sjøfararane, som kunne fanga dei med berre nevane. Dyr europearane tok med seg, som t.d. rotter, katter og hundar, gjorde òg sitt for å få ned bestanden.