Europa

verdsdel austpå den nordlege halvkula
(Omdirigert frå Europeisk)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Europa (fleirtyding).

Europa er ein av sju tradisjonelle verdsdelarjorda. Fysisk og geologisk er Europa den vestlegaste halvøya av Eurasia, vest for Asia. Europa grensar i nord til Nordishavet, i vest til Atlanterhavet, i sør til Middelhavet, i søraust til Kaukasus og Svartehavet og vassvegane som går mellom Svartehavet og Middelhavet. I aust er Europa generelt skild frå Asia ved vasskiljet i Uralfjella, Uralelva og Kaspihavet. Omgrepet «verdsdel» eller «kontinent» kan vise til ei kulturell og politisk inndeling eller ei fysiskgeografisk, og dette kan gje ymse syn på dei nøyaktige grensene til Europa, areal og folketal.

Verdskart som viser plasseringa til Europa.
Eit samansett satellittbilete av Europa

Europa er den nest minste verdsdelen ut frå areal og dekkjer om lag 10 180 000 km² eller 2,0 % av jordoverflata (kring 6,8 % av landarealet). Berre Oseania er mindre. Europa er den tredje folkerikaste verdsdelen etter Asia og Afrika med om lag 745 millionar innbyggjarar eller 11 % av folkesetnaden på jorda. Av Europa sine 48 land er Russland det største ut frå areal og folketal, medan Vatikanstaten er det minste. Europa er fødestad for Den europeiske unionen, eit politisk, økonomisk og sosialt samarbeid som har arbeidd for å fremja europeisk integrasjon sidan 1950-åra.

Etymologi endre

 
Europa og oksen på ein gresk vase frå rundt 480 f.Kr.

I antikk gresk mytologi var Europa ei fønikisk prinsesse som vart bortført av Zevs utkledd som ein okse og teken til øya Kreta, der ho fødde Minos, Rhadamanthus og Sarpedon. For Homer var Europi (gresk Εὐρώπη) ei mytologisk dronning på Kreta og ikkje eit geografisk område. Seinare stod «Europa» for det greske fastlandet og rundt år 500 fvt. hadde tydinga spreidd seg til landområda i nord. Den greske geografen Anaksimander plasserte grensa mellom Asia og Europa ved elva Phasis i Kaukasus (dagens Rioni) på 500-talet f.Kr. Denne konvensjonen blei følgd av Herodot på 400-talet f.Kr.[1] Seinare nytta romarar som Strabon, Posidonius og Ptolemaios ei anna grense, elva Tanais (dagens Don), og denne avgrensinga blei overlevert til mellomalderen.[2]

Ein teori om opphavet til namnet «Europa» seier at det kjem av dei greske orda som tyder 'brei' (eurys)[3] og 'andlet' (opsis)[4] — 'brei' har vore ein epitet for sjølve jorda i den rekonstruerte urindoeuropeiske religionen.[5]

Ein mindre utbreidd teori seier derimot at namnet eigentleg kjem frå eit semittisk ord som det akkadiske ordet erebu som tyder 'å gå ned'[6] (om sola), ein kognat til det føniske ordet 'ereb ('kveld, vest'), det arabiske Maghreb og det hebraiske ma'ariv (sjå òg Erebus). Denne samanhengen er sett på som svak.[7]

Dei fleste store språka i verda nyttar ord som kjem av «Europa» om kontinentet. I fleire hundre år nytta derimot tyrkarane ordet Frengistan (landet til frankarane) om Europa.[8]

Historie endre

For meir om dette emnet, sjå Europeisk historie.

Opphavet til vestleg demokratisk og individualistisk kultur vert ofte sett til Antikkens Hellas. Desse greske politiske ideala vart gjenoppdaga seint på 1700-talet av europeiske filosofar og idealistar. Ein annan stor påverknad på Europa kom frå Romarriket, som etterlèt inntrykk på rett, språk og styresmakter. Gjennom Konstantin den store innførte dei òg kristendomen som statsreligion, etter at han var blitt meir eller mindre undertrykka i tre hundreår.

Etter at Romarriket fall gjekk Europa inn i ein lang periode med endringar under folkevandringstida. Denne perioden vart kalla den mørke mellomalderen av tenkjarar i renessansen. Isolerte klostersamfunn i Irland, Skottland og andre stader verna og samla nedskrivne kjelder frå tidlegare tider.

I laupet av denne tida vart den vestlege delen av Romarriket «gjenfødd» som Det tysk-romerske riket, seinare kalla Det heilage romerske riket av tysk nasjon. Den austlege delen av Romarriket vart i vest kjend som Austromarriket eller Det bysantiske riket. Austromarane sjølve kalla seg Βασιλεία των Ρωμαίων, Basileia tōn Romaiōn — 'Riket av romarar'. I 1453, då Det osmanske riket hærtok den austromerske hovudstaden Konstantinopel, opphøyrde Austromarriket. Bere ein liten del av det, Trebizond, varte fram til 1461.

 
Kart over Europa laga av Gerardus Mercador

Renessansen og Dei nye monarkane markerte starten på oppdagingstida, ein periode med utforsking, oppfinning og vitskapleg utvikling som hadde røter i Italia. På 1400-talet opna Portugal oppdagingsalderen, raskt etterfylgd av Spania. Frankrike, Nederland og England slutta seg seinare til og bygde store kolonirike i Afrika, Amerika og Asia.

Etter oppdagingstida fekk dei demokratiske ideane feste i Europa. Det oppstod kampar for sjølvstende, særleg i Frankrike under perioden kalla Den franske revolusjonen. Dette førte til aukande uro i resten av Europa då dei revolusjonære ideane spreidde seg over kontinentet. Framgangen til demokratiet førte til auka uro i Europa, i tillegg til den uroa som allereie eksisterte som fylgje av konkurranse i Den nye verda. Den mest kjende av desse konfliktane oppstod då Napoleon Bonaparte kom til makta i Frankrike og la ut på ei erobringsferd der han danna det nye franske riket, som raskt braut saman. Etter desse erobringane vart Europa stabilisert, men dei gamle fundamenta hadde allereie byrja å falle saman.

Den industrielle revolusjonen starta i Storbritannia seint på 1700-talet, noko som fjerna fokuset på jordbruk, førte til generelt auka velstand og samsvarande auke i folketalet. Mange statar i Europa fekk dei noverande grensene sine etter den fyrste verdskrigen. Frå slutten av den andre verdskrigen til slutten av den kalde krigen var Europa delt i to store politiske og økonomiske blokker: Kommunistiske nasjonar i Aust-Europa og kapitalistiske land i Sør-, Nord- og Vest-Europa. Oppløysinga av jarnteppet og Austblokka førte i 1989 til at Berlinmuren fall og den formelle oppløysinga av Sovjetunionen i 1991.

Den europeiske integreringa har vore eit tema i europeisk politikk sidan slutten av den fyrste verdskrigen og skaut fart etter slutten av den kalde krigen. Som fylgje av øydelegginga og lidinga under den andre verdskrigen og som eit ledd i forsoninga etter krigen ført ideen om den europeiske integreringa til opprettinga av Europarådet i Strasbourg i 1949, som i 1950 danna Den europeiske menneskerettskonvensjonen med Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Etter at Berlinmuren fall kunne tidlegare kommunistiske land i Sentral- og Aust-Europa ta del i Europarådet, som no har 47 medlemsstatar. Kviterussland er ikkje med i rådet på grunn av den ikkje-demokratiske regjeringa si. Den europeiske unionen, etterfylgjaren til EF, har vorte utvida frå dei seks opphavlege landa til 27 i dag. EU har utvikla seg frå ein handelsorientert organisasjon til eit samband på fleire område.

Talet på europeiske medlemsland i NATO har òg auka etter slutten av den kalde krigen der fleire land i Aust-Europa er tekne opp.

Geografi og utstrekking endre

For meir om dette emnet, sjå Europeisk geografi.

Fysiskgeografisk er Europa den nordvestlege delen av den større landmassen kalla Eurasia eller Afrika-Eurasia: Asia utgjer den store austlege delen av den samanhengande landmassen og alle deler den same kontinentalsokkelen. Den austlege grensa til Europa vert i dag rekna som ei line langs Uralfjella i Russland. Geografen Strabo frå det 1. hundreåret nytta elva Tanaïs (Don) som grense,[9] og det same gjorde tidlegare kjelder frå Judea.

Den søraustlege grensa til Asia er derimot ikkje universelt definert. Vanlegvis vert Uralelva eller elva Emba nytta som ei mogeleg grense. Grensa held fram til Kaspihavet, toppen av Kaukasusfjella eller elva Kura i Kaukasia, og vidare til Svartehavet; Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane. Middelhavet i sør skil Europa frå Afrika. Den vestlege grensa er Atlanterhavet; Island, som ligg nærare Grønland (Nord-Amerika) enn det europeiske fastlandet, vert generelt rekna som ein del av Europa. Det er ein pågåande debatt om kvar det geografiske senteret i Europa ligg.

På grunn av samfunnspolitiske og kulturelle skilnader er det ulike skildringar av grensene til Europa. I nokre kjelder er ikkje somme delar av Europa tekne med, medan dei same områda er tekne med i andre kjelder. Til dømes reknar geografar frå Russland og dei tidlegare sovjetstatane Uralfjella som ein del av Europa, medan Kaukasia er ein del av Asia. Mange geografar reknar derimot dei sørlege grensene til Aserbajdsjan og Armenia mot Iran og Tyrkia si sørlege og austlege grense til Syria, Irak og Iran som grensa mellom Asia og Europa på grunn av politiske og kulturelle årsaker. Sjølv om Kypros ligg svært nær Asia vert ho rekna som ein del av Europa av same årsaker.

Fysisk geografi endre

Landskapet i Europa viser stor variasjon over relativt små område. Dei sørlege områda er derimot meir fjellkledde, medan ein nord for Alpane, Pyreneane og Karpatane glir over i åslendte landskap og breie, låge sletter, som er vidstrakte i aust. Denne utstrakte sletta vert kalla Den store europeiske sletta med hjarta i Det nordeuropeiske låglandet. Ein boge med høgareliggande område strekkjer seg så frå dei vestlege delane av Storbritannia og Irland, og held fram langs heile Noreg.

Denne skildringa er forenkla. Mindre område av Pyrenéhalvøya og Italia inneheld komplekse geografiske trekk og det same gjer sentrale delar av Europa med mange platå, elvedalar og flodområde. Andre område som Island, Storbritannia og Irland er spesialtilfelle. Island er eit eige landområde nord i Atlanterhavet, som vert rekna som ein del av Europa, medan dei to sistnemnde er høgareliggande område som ein gong var ein del av fastlandet før det stigande havet gjorde dei om til øyar.

Klima endre

For meir om dette emnet, sjå klima i Europa.

Europa har eit temperert klima som er typisk maritimt i vest, men som vert gradvis meir kontinentalt mot aust. Eit lite område heilt i søraust har steppeklima, medan nokre større område i fjellet og lengst nord har tundraklima. Store delar av Europa har kring 500–1000 mm nedbør, som er jamt spreidd utover året, bortsett frå i middelhavsområdet som har tørke om sumaren. Dei geografiske tilhøva gjer at Europa er langt mildare og fuktigare enn andre verdsdelar på same breiddegrad.

Klimaet er dominert av vestavindsbeltet og korleis dette varierer gjennom året. Det flytter seg gjerne mot sør om vinteren og mot nord om sumaren, noko som særleg gjev stor variasjon gjennom året i Sør-Europa. Golfstraumen fører med seg mildt vatn til kyststroka utanfor Vest-Europa og nordover mot norskekysten.

Fjella strekkjer seg nesten samanhengande frå Pyreneane til Vesleasia og dette hindrar ein del luftstraumar mellom nord og sør, medan luftstraumane frå vest i liten grad vert hindra av fjell. Fjella i Noreg og Sverige er av dei få fjella i Europa som stoppar vestavinden. Vestkysten av Noreg har mildare vintrar enn nokon annan stad på desse breiddegradene, medan det berre nokre få hundre kilometer lenger aust kan vere harde vintrar i dalane.

I Sør-Europa hindrar Middelhavet dei ekstreme temperaturane. Om sumaren dekkjer azorehøgtrykket middelhavslanda, som gjev mykje sol og lite nedbør, bortsett frå enkelte regnskurer no og då. Om vinteren trekkjer vestavindsbeltet sørover og ein kan både få frontnedbør i samband med lågtrykk og meir ustabil luft og regnskurer. Stundom kan ein få kaldluftsutbrot frå kontinentet i nordaust, noko som kan gje kulde og stundom snø ganske langt sør i Europa.

Biologisk mangfald endre

 
Biogeografiske område i Europa

Dyr og planter i Europa har levd side om side med dei europeiske bøndene i fleire tusen år, noko som har hatt stor innverknad på plante- og dyrelivet. Bortsett frå område i Skandinavia og nord i Russland er det få urørte villmarksområde i dag i Europa, bortsett frå i somme nasjonalparkar.

Det største naturlege vegetasjonsdekket i Europa er blandingsskog og veksttilhøva er generelt gode. I nord varmar Golfstraumen opp kontinentet, medan Sør-Europa har mildt eller varmt klima. I sør er det derimot ofte tørke. Fjellryggene påverkar tilhøva og nokre av desse (Alpane, Pyreneane) er orientert aust-vest slik at vinden kan føre med seg fuktige luftmassar frå Atlanterhavet til dei indre områda aust i Europa. Andre fjell er orienterte frå sør til nord (Dei skandinaviske fjella, Dei dinariske Alpane, Karpatane, Appenninane) slik at områda på eine sida av fjellet (som oftast austsida) hamnar i regnskuggen. Her kan ein ofte finne frodige fjellsider på sida som vender mot havet, medan den andre sida har dårlegare vekstvilkår. Det er få område i Europa som ikkje har vorte nytta som beitemark på eitt eller anna tidspunkt og hogging av skog har endra dei opphavlege økosystema for plante- og dyreliv.

80 til 90 % av Europa var ein gong dekt av skog. Han strekte seg frå Middelhavet til Nordishavet. Sjølv om over halvparten av den opphavlege skogen har forsvunne gjennom avskoging i laupet av mange hundreår, er framleis ein firedel av Europa dekt av skog, slik som taigaen i Skandinavia og Russland, blandingsskogen i Kaukasus og korkeikskogane vest i Middelhavet. Dei siste åra har derimot avskoginga minka og mange tre har vorte planta. I mange tilfelle har derimot ofte bartre i monokulturar erstatta den opphavlege naturlege blandingsskogen. Desse plantasjane dekkjer i dag store landområde, men gjev dårlegare habitat for mange europeiske artar som krev ulike treartar og mangfaldig skogstruktur. Den naturlege skogen dekkjer i dag berre 2-3 % eller mindre i Vest-Europa, medan han i den europeiske delen av Russland utgjer 5-10 %. Det landet i Europa med minst skog (om ein ser bort frå miniputtstatane) er Island (2 %), medan skog dekkjer 72 % av Finland.

 
Skog i området av Police i Polen

I den tempererte delen av Europa dominerer blandingsskog med både lauvtre og bartre. Den viktigaste arten i Sentral- og Vest-Europa er bøk og eik. I nord er taigaen ei blanding av gran, furu og bjørk, medan ein lenger nord i Russland og heilt nord i Skandinavia glid over i tundra. Ved Middelhavet har det vorte planta mange oliventre, som er godt tilpassa det tørre klimaet. Sypress har òg vorte planta i store delar av Sør-Europa. Det halvtørre middelhavsområdet inneheld store område med kratt. Eit smalt område med ei eurasiatisk grasslette (steppe) strekkjer seg austover frå Ukraina og sørlege område av Russland til Ungarn og går over i taigaen i nord.

Isbredanning under den siste istida og menneskeleg påverknad har påverka spreiinga av det europeiske plantelivet. Når det gjeld dyrelivet er dei fleste store dyra og rovdyra i mange delar av Europa vortne utrydda av jakt. Mammuten vart utrydda alt i steinalderen. I dag er ulv og bjørnar utryddingstruga. Ein gong fann ein desse over nesten heile Europa. I dag har avskoging ført til at desse dyra har trekt seg lenger og lenger attende. I mellomalderen fann ein stort sett berre bjørn i utilgjengelege fjellområde med skog. I dag held bjørnen stort sett til på Balkanhalvøya, i Skandinavia og i Russland. Ein mindre del held òg til i andre område, som i Austerrike og Pyreneane. I tillegg finn ein isbjørnSvalbard. Ulven, det nest største rovdyret etter bjørnen, finn ein hovudsakleg i Aust-Europa og på Balkan, med små grupper i Spania og Skandinavia.

Andre viktig europeiske rovdyr er røyskatt, villkatt, rev (særleg raudrev), sjakal, ulike artar av mår, piggsvin, ulike reptilar som slange, hoggorm og snok, ulikee fuglar (ugler, haukar og andre rovfuglar).

Viktige europeiske planteetarar er snigel, amfibiar, larve, fisk, ulike fuglar og pattedyr som gnagarar, hjort, rådyr, villsvin og i fjella murmeldyr, steinbukk, gemse og andre.

Sjødyr er òg ein viktig del av det europeiske plante- og dyrelivet. Plantelivet i sjøen er for det meste planteplankton. Viktige dyr i dei europeiske havområda er dyreplankton, blautdyr, pigghudingar, ulikee krepsdyr, blekksprut og akkar, fisk, delfin og kval.

Det biologiske mangfaldet i Europa er verna gjennom Europarådet.

Demografi endre

 
Folkeveksten/fallet i europeiske land

Sidan renessansen og oppdagingstida har Europa vore ein stor påverknad på kultur, økonomi og samfunnsrørsler i verda. Den europeiske demografien er ikkje berre viktig historisk, men òg for å forstå dei noverande internasjonale tilhøva.

Nokre noverande og tidlegare emne i europeisk demografi har inkludert religiøs utvandring, rasetilhøve, økonomisk emigrasjon, minkande fødselsrate og aldrande folkesetnad. I nokre land, som Irland og Polen, er tilgang til abort for tida avgrensa, medan det tidlegare var vanleg med restriksjonar på fødselsregulering i heile Europa. I tillegg har tre europeiske land (Nederland, Belgia og Sveits) tillate friviljug dødshjelp i avgrensa form for uhelbredelege dødssjuke personar.

I 2005 vart folketalet i Europa estimert til 728 millionar innbyggjarar i fylgje SN. Dette er litt meir enn ein niandedel av folketalet i heile verda. For hundre år sidan utgjorde Europa om lag ein firedel av det totale folketalet i verda. Folketalet i Europa har auka det siste hundreåret, men andre område av verda (særleg Afrika og Asia) har folketalet auka mykje raskare.[10] I fylgje SN vil folketalet i Europa utgjere 7 % i 2050 og telje 653 millionar.[11] Det gjennomsnittlege barnetalet per kvinne er 1,38. I fylgje somme kjelder,[12][13] er dette talet høgare hjå muslimar. I 2005 estimerte EU at 1,8 millionar menneske emigrerte til Europa, trass i at Europa har ei av dei største folketettleikane i verda. Dette utgjorde 85 % av den totale folkeveksten i Europa.[14]

Politisk geografi endre

Område og regionar endre

 
Europeiske regionar i følgje SN (andre inndelingar kan variere): ██ Nord-Europa ██ Vest-Europa ██ Aust-Europa ██ Sør-Europa

Landa i denne tabellen er kategorisert av SN.

Det er forskjellige definisjonar på inndelinga av Europa, som t.d. Vest-Europa og Sentral-Europa. Dei fylgjande områda og regionane kan difor variere i andre samanhengar.

Regionar[15] og
territorium med flagg
Areal
(km²)
Folketal
(estimat frå 1. juli 2002)
Folketettleik
(per km²)
Hovudstad
Aust-Europa:
  Kviterussland 207 600 10 335 382 49.8 Minsk
  Bulgaria 110 910 7 621 337 68.7 Sofia
  Tsjekkia 78 866 10 256 760 130.1 Praha
  Ungarn 93 030 10 075 034 108.3 Budapest
  Moldova[16] 33 843 4 434 547 131.0 Chisinau
  Polen 312 685 38 625 478 123.5 Warszawa
  Romania 238 391 21 698 181 91.0 Bucharest
  Russland[17] 3 960 000 106 037 143 26.8 Moskva
  Slovakia 48 845 5 422 366 111.0 Bratislava
  Ukraina 603 700 48 396 470 80.2 Kiev
Nord-Europa:
  Åland (Finland) 1 552 26 008 16.8 Mariehamn
  Danmark 43 094 5 368 854 124.6 København
  Estland 45 226 1 415 681 31.3 Tallinn
  Færøyane (Danmark) 1 399 46 011 32.9 Tórshavn
  Finland 336 593 5 157 537 15.3 Helsingfors
  Guernsey[18] 78 64 587 828.0 St. Peter Port
  Island 103 000 307 261 2.7 Reykjavík
  Irland 70 280 4 234 925 60.3 Dublin
  Isle of Man[19] 572 73 873 129.1 Douglas
  Jersey[20] 116 89 775 773.9 Saint Helier
  Latvia 64 589 2 366 515 36.6 Riga
  Litauen 65 200 3 601 138 55.2 Vilnius
  Noreg 324 220 4 525 116 14.0 Oslo
  Svalbard og Jan Mayen (Noreg) 62 049 2 868 0.046 Longyearbyen
  Sverige 449 964 9 090 113 19.7 Stockholm
  Storbritannia 244 820 61 100 835 244.2 London
Sør-Europa:
  Albania 28 748 3 544 841 123.3 Tirana
  Andorra 468 68 403 146.2 Andorra la Vella
  Bosnia-Herzegovina 51 129 4 448 500 77.5 Sarajevo
  Kroatia 56 542 4 390 751 77.7 Zagreb
  Gibraltar (Storbritannia) 5.9 27 714 4 697.3 Gibraltar
  Hellas 131 940 10 645 343 80.7 Aten
  Italia 301 230 58 751 711 191.6 Roma
  Nord-Makedonia 25 333 2 054 800 81.1 Skopje
  Malta 316 397 499 1 257.9 Valletta
  Montenegro 13 812 616 258 44.6 Podgorica
  Portugal[21] 91 568 10 084 245 110.1 Lisboa
  San Marino 61 27 730 454.6 San Marino
  Serbia[22] 88 361 9 663 742 109.4 Beograd
  Slovenia 20 273 1 932 917 95.3 Ljubljana
  Spania 504 851 45 061 274 89.3 Madrid
  Vatikanstaten 0.44 900 2 045.5 Vatikanet
Vest-Europa:
  Austerrike 83 858 8 169 929 97.4 Wien
  Belgia 30 510 10 274 595 336.8 Brussels
  Frankrike[23] 547 030 59 765 983 109.3 Paris
  Tyskland 357 021 83 251 851 233.2 Berlin
  Liechtenstein 160 32 842 205.3 Vaduz
  Luxembourg 2 586 448 569 173.5 Luxembourg
  Monaco 1.95 31 987 16 403.6 Monaco
  Nederland[24] 41 526 16 318 199 393.0 Amsterdam
  Sveits 41 290 7 507 000 176.8 Bern
Sentral-Asia:
  Kasakhstan[25] 150 000 600 000 4.0 Astana
Vest-Asia:[26]
  Aserbajdsjan[27] 7 110 175 200 24.6 Baku
  Georgia[28] 2 000 37 520 18.8 Tbilisi
  Tyrkia[29] 24 378 11 044 932 453.1 Ankara
Totalt 10 176 246[30] 709 608 850[31] 69.7

Økonomi endre

For meir om dette emnet, sjå Europeisk økonomi.
 
Europeiske najonar etter BNP per innbyggjarar i 2002

Som eit kontinent er økonomien i Europa for tida den største i verda. Den europeiske unionen er eit mellomstatleg organ som består av dei flese europeiske statane, og er ein av dei to strøste i verda. Av medlemslanda i EU har Tyskland den største nasjonale økonomien. Tretten av EU-landa har den same valutaen, euroen. Store økonomiske sektorar i Europa er mellom anna jordbruk, produksjon og investeringar. Størsteparten av handlen til EU er med USA, Kina, India, Russland og andre europeiske land som ikkje er medlem av EU.

Språk og kulturar endre

 
Språkkart over Europa.
For meir om dette emnet, sjå Språk i Europa.

Det er fleire språkgrupper i Europa. Desse fell saman ofte (men ikkje alltid) med kulturelle og historiske samband mellom dei ulike nasjonane, men i andre tilfelle er religion ein viktig grensefaktor.

Språkleg mangfald og vern av regions- og minoritetsspråk vert rekna som eit politisk mål i Europa i dag. Europarådet sette med sine Rammekonvensjonen for Vern av Nasjonale Minoritetar og Europeisk pakt om regions- eller minoritetsspråk sette opp eit rettsleg rammeverk for språkrettar i Europa.

Romanske språk endre

For meir om dette emnet, sjå Latin-Europa.

Romanske språk vert meir eller mindre tala i dei sørvestlege områda av Europa, i tillegg til Romania og Moldova, som ligg i Aust-Europa. Dette området består av: Andorra, Italia, Portugal, Frankrike (ekskludert Nord og Alsace), Spania, Romania, Moldova, den fransktalande delen av Belgia (Vallonia, delar av Brussel), fransktalande delar av Sveits (Romandy), italiensktalande delar av Sveits, italiensktalande delar av Kroatia (delar av Istria) og den retroromansktalande delen av Sveits. Alle romanske språk kjem hvoudsakleg frå det romerske språket, latin.

Germanske språk endre

For meir om dette emnet, sjå Germansk Europa.

Germanske språk vert stort sett tala i den nordvestlege delen av Europa og nokre delar av Sentral-Europa. Dette området består av: Noreg, Sverige, Tyskland, Storbritannia, Republikken Irland, Danmark, Nederland, den nederlandsktalande delen av Belgia (Flandern, delar av Brussel og den tysktalande delen aust i Vallonia), Austerrike, Ungarn (Sopron), Slovakia (Bratislava; tidlegare «Pressburg»), Liechtenstein, 68–74 % av Sveits, Island, Færøyane, Luxembourg, Polen (område i Schlesien), Pommern, Aust-Preussen, Frankrike (Alsace-Lorraine og Nord-Pas de Calais), dei svensktalande kommunane i Finland og den sjølvstyrte Alto Adige og Sør-Tyrol i Italia.

Slaviske språk endre

For meir om dette emnet, sjå Slavisk Europa.

Slaviske språk vert tale i sentrale, austlege og søraustlege område av Europa. Dette området består av: Kviterussland, Bosnia-Herzegovina, Bulgaria, Kroatia, Tsjekkia, regionane Sachsen og Brandenburg i Tyskland (sorbarar), Nord-Makedonia, Nord-Hellas, Montenegro, Polen, Russland, Serbia, Slovakia, Slovenia, området Transnistria og Ukraina.

Uralske språk endre

Uralske språk er delt inn i tre hovudgrupper, og to av desse er representert i Europa. Finskpermiske språk vert tala i Finland, Estland og delar av Sverige, Noreg, Latvia og Europeisk Russland, medan ugriske språk vert tala i Ungarn og delar av Romania, Slovakia, Serbia, Ukraina og Sibir. Desse to gruppene utgjer den finskugriske greina av den uralske språkfamilien.

Tyrkiske språk endre

Tyrkiske språk er hovudspråket i Tyrkia og Aserbajdsjan og eit minoritesspråk i delar av Kypros, Bulgaria, Serbia, Hellas, Russland, Nord-Makedonia, Moldova, Ukraina, Kaukasia og i tyrkiske diasporasamfunn i fleire andre europeiske land (hovudsakleg Tyskland, Sverige, Frankrike, Belgia og Nederland).

Baltiske språk endre

Baltiske språk vert tala Litauen og Latvia. Estland sitt nasjonalspråk er ein del av den finskugriske familien sjølv om landet geografisk er ein del av Baltikum.

Keltiske språk endre

For meir om dette emnet, sjå Keltiske nasjonar.

Keltiske språk strekte seg ein gong over heile Vest- og Sentral-Europa og inn i Anatolia, men er i dag stort sett avgrensa til dei vestlegaste områda av dei såkalla keltiske nasjonane: Irland, Skottland, Man, Wales, Cornwall og Bretagne. Dei kontinentalkeltiske språka, inkludert gallisk og keltiberisk, forsvann på 500-talet. Berre øykeltiske språkgoidelske språk (irsk, skotsk-gælisk, manx) og brittonske språk (walisisk, bretonsk, kornisk) – har overlevd inn i moderne tider.

Andre språk endre

Bortsett frå desse sju hovudspråkgruppene finn ein:

Religionar endre

For meir om dette emnet, sjå Religion i Europa.

Dei mest dominerande religionane i Europa er:

Andre religionar som vert praktiserte av mindre grupper i Europa er mellom anna:

Millionar av europearar vedkjenner seg ikkje nokon religion eller er ateistar, agnostikarar eller humanistar. Dei største ikkje-religiøse folkesetnadene (i prosent) finn ein i Tsjekkia, Danmark, Frankrike, Tyskland, Nederland, Noreg, Sverige og dei tidlegare sovjetlanda Kviterussland, Estland, Russland og Ukraina.

Offisielle religionar endre

Fleire land i Europa har ein statsreligion, inkludert Liechtenstein, Malta, Monaco, Vatikanstaten (katolsk), Hellas (Orientalsk ortodoks); Danmark, Island og Noreg (protestantisk). I Sveits er nokre kantonar offisielt katolske, medan andre offisielt er protestantiske. Nokre sveitsiske landsbyar har til og med religionen, i tillegg til landsbynamnet, skrive på skilta.

Georgia har inga etablert kyrkje, men Den georgisk-ortodokse kyrkja har ein de facto priviligert status. I Finland er både den finsk-ortodokse kyrkja og den lutherske kyrkja offisielle. England, ein del av Storbritannia, har anglikanisme som sin offisielle religion. Skottland, ein annan del av Storbritannia, har presbyterianisme som si folkekyrkje, men denne er ikkje lenger «offisiell», og i Sverige er folkekyrjka lutheranisme, men denne er heller ikkje lenger «offisiell». Aserbajdsjan, Frankrike, Portugal, Romania, Russland, Spania og Tyrkia er offisielt «verdslege».

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Histories 4.38. C.f. James Rennell, The geographical system of Herodotus examined and explained, Volume 1, Rivington 1830, p. 244. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. W. Theiler, Posidonios. Die Fragmente, vol. 1. Berlin: De Gruyter, 1982, fragm. 47a; I. G. Kidd (ed.), Posidonius: The commentary, Cambridge University Press, 2004, ISBN 978-0-521-60443-7, p. 738; Geographia 7.5.6 (ed. Nobbe 1845, vol. 2, p. 178) Καὶ τῇ Εὐρώπῃ δὲ συνάπτει διὰ τοῦ μεταξὺ αὐχένος τῆς τε Μαιώτιδος λίμνης καὶ τοῦ Σαρματικοῦ Ὠκεανοῦ ἐπὶ τῆς διαβάσεως τοῦ Τανάϊδος ποταμοῦ. "And [Asia] is connected to Europe by the land-strait between Lake Maiotis and the Sarmatian Ocean where the river Tanais crosses through."
  3. εὐρύς, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, on Perseus
  4. ὤψ, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, on Perseus
  5. M. L. West (2007). Indo-European poetry and myth. Oxford: Oxford University Press. s. 178–179. ISBN 0-19-928075-4. 
  6. «Etymonline: European». Henta 10.09.2006. 
  7. «phonologically, the match between Europa's name and any form of the Semitic word is very poor.» M. L. West (1997). The east face of Helicon: west Asiatic elements in Greek poetry and myth. Oxford: Clarendon Press. s. 451. ISBN 0-19-815221-3.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  8. Davidson, Roderic H. (1960). «Where is the Middle East?». Foreign ĆAffairs 38: s. 665–675. 
  9. Strabo Geografia 11.1
  10. UNPP, 2004 Revision World Population Prospects: The 2004 Revision Population Database Arkivert 2010-01-07 ved Wayback Machine.. Dei sameinte nasjonane Folketalsavdelng, 2005. Vitja 25. oktober, 2006.
  11. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. april 2020, henta 7. oktober 2007 
  12. Brookings Institute Report, arkivert frå originalen 14. februar 2004, henta 14. februar 2004 
  13. http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/europe/4385768.stm
  14. Europa: Folketal og emigrasjon i 2005
  15. Kontinentaleregionar etter inndelings kart frå SN. Ut frå kva definisjon som er nytta kan forskjellige område og høyre til både Europa og Asia  Afrika eller Oseania.
  16. Inkluderer Transnistria  eit område som er erklært og de facto er sjølvstendig  men ikkje anerkjend de jure som ein eigen stat.
  17. Russland vert generelt rekna som eit transkontinentalt land i Aust-Europa og Asia der områda vest for Uralfjella og både Uralelva og Emba. Folketalet og flateviddet er for den europeiske delen.
  18. Guernsey er ein del av Den britiske krona.
  19. Isle of Man er ein del av Den britiske krona.
  20. Jersey er ein del av Den britiske krona.
  21. Tala for Portugal inkluderer Asorane vest for Portugal  men ikkje Madeiraøyane  vest for Marokko i Afrika.
  22. Tala for Serbia inkluderer Kosovo og Metohia  ein provins som vert styrt av SN.
  23. Tala for Frankrike inkluderer berre France métropolitaine. Nokre delar av Frankrike er geografisk utanfor Europa.
  24. Folketalet og arealet tek berre med dei europeiske områda. Aruba og Dei nederlandske antillane ligg i Karibia. Amsterdam er den offisielle hovudstaden  medan Hague er det administrative setet.
  25. Kasakhstan vert stundom rekna om eit transkontinentalt land i Sentral-Asia og Aust-Europa  med europeiske område vest for Uralfjella og både elvane Ural og Emba. Tale gjend berre dei europeiske områda.
  26. Armenia og Kypros vert stundom rekna som transkontinentale land. Begge er fysiskgeografisk i Vest-Asia  men har historiske og samfunnspolitiske band til Europa.
  27. Aserbajdsjan vert ofte rekna som eit transkontinentalt land i Vest-Asia og Aust-Europa. Folketalet gjeld berre for den europeiske delen (nord for Kaukasus og elva Kura). Det tek ikkje med ekslaven Nakhtsjivan og Nagorno-Karabakh
  28. Georgia vert ofte rekna som eit transkontinentalt land i Vest-Asia og Aust-Europa. Folketalet gjeld berre for den europeske delen (nord for Kaukasus og elva Kura). Inluderar Abkhasia og Sør-Ossetia  to område som har erklært sjølvstende og de facto er sjølvstendig  men som ikkje de jure er anerkjend av andre statar.
  29. Tyrkia vert ofte rekna som eit transkontinentalt land i Vest-Asia og Sør-Europa. Regionen Rumelia (Thraki)—som inkluderer provinsane Edirne  Kırklareli  Tekirdağ  og dei vestlege delane av Çanakkale og Istanbul provins—er vest og nord for Bosporus og Dardanellane. Folketalet og areaet gjeld berre den europeiske delen (inkludert heile Istanbul).
  30. Arealet inkluderer berre dei europeiske områda av dei transkontinentale landa.
  31. Folketalet inkluderer berre dei europeiske områda av dei transkontinentale landa.
  32. ethnologue.com
  33. www.ec-patr.org
  34. www.adherents.com, arkivert frå originalen 6. desember 2003, henta 7. oktober 2007 

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Europe frå Wikivoyage