Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Tran».

Lyse eller tran er ei olja som vert vunni ut av fisk, serleg fiskelivr, eller kvalspìk. Ho hev lange tradisjonar i Noreg som lampeolja, ofte i kolor, eller til å impregnera lêr. Lyse hev òg vore nytta i måling og verki som laga detta var difor bygde nær fiskedistrikti. Tvo av desse er Grip og Gjøco på Nordmøre.

Gamalt brenneverk på Lofoten.

Utvinning endre

Upphavleg kunde lyse koma frå ei rekkja dyr, millom anna kval, sel eller rossmål, ved å bræda eller koka ut spìklaget.[1] Den vanlegaste kjelda er torsk og lyset er frå gamalt utvunne ved å setja store kjer med livr ute i soli. Etter kvart som livri rotnar skil lyset seg ut og flyt upp til yta. Det øvste laget er gult på lìt og med mild smak, medan korgen, eller botnfallet, er brunt med vond smak og lukt.[2] Korgen hev vore nytta til å smyrja lunnane utanfyre naust, sidan han er tjukkare en det finare lyset.[3] Sildelyse vert utvunne med koking, liksom med kvalspìk.

Lyse som lækjeråd endre

 
«Möller's tran». Flaskor med lyse.

Lyse som lækjeråd, ofte kalla medisintran (gjenom dansk frå lågtysk trân), er eit finare lyse med friskare smak. Dette vert laga med ein nyare metode for utvinning, der ein vermer livri med eim. Detta held so fram i 20 minutt til det når 70 grader celsius. Det var apotekaren Peter Möller som innførde denne metoden.

Som lækjeråd er lyset teke som kosttilskot og er rikt på A-vitamin, D-vitamin og umetta feittsyror. Mest av alt er det omega 3-feittsyror ein fær frå lyset.[4] Som ei fylgja er lyse sét på som eit sunt tilskot til kosten og er endå eitt av få naturlege kjeldor til D-vitamin.

Det vart selt 1,6 millionar flaskor med lyse i 2009.[5]

Kjeldor endre

  1. «Lærebok i kjemi: serleg for jordbruksskulane - Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 4. desember 2020 
  2. «Sunt i 150 år», Tu.no (på norsk bokmål), 6. mai 2004, henta 4. desember 2020 
  3. «Nordlandsbåten og Åfjordsbåten. B. 1 : Båten i bruk : segling, roing, fisking og vedlikehald ; [teikna av Leidulf Olsrud, Øystein Ormbostad] - Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 4. desember 2020 
  4. «Apotek 1», www.apotek1.no (på norsk bokmål), henta 4. desember 2020 
  5. Lysvold, Susanne Skjåstad (1. juni 2010), «Eksperter: – Tran smaker godt», NRK (på norsk bokmål), henta 4. desember 2020