Lunn (av norrønt hlunnr) er ein rund stokk ein kan bruka som underlag for å flytta på noko.[1]

Stø med lunnar og vorar i Geiranger.

Lunnar i ei stø er stokkar eller staur som er lagt ned for å dra båtar på land, eller for å setje båtar på sjøen, med minst mogleg slit eller skade på båt og kjøl.

Lunnane skulle helst vera av lauvtre, gjerne rogn, for den turka ikkje så lett ut, og ga betre glid enn nåletre. Lunnane måtte liggja så tett, at båten hadde minst to lunnar under kjølen til ei kvar tid når den gleid over. Var det turt i veret og båten tung, så måtte ein smørje lunnane. Til det vart oftast nytta grakse, som var eit feitt avfallsprodukt etter trandamping. Denne graksen var sers seig, og vart ikkje så fort vaska vekk av sjøen, men først og fremst var den bilig og lett tilgjengeleg.

Lunnane var feste i støa mellom steinar ute med sidene, og slik at båtkjølen ikkje kom ned i steinane. Støa var oftast nokså steinete og ruglete, så lunnane kunne ikkje rulle under kjølen, slik som ein annan type lunnar som vert nytta på veg.

Kjelder endre