Hochkönig er det høgaste fjellet i Berchtesgadenalpane og heile den omliggande fjellgruppa. Det ligg vest for byen Bischofshofen i den austerrikske delstaten Salzburg og 42 km sør for byen Salzburg. Hochkönig ligg utanom dei andre fjella i Berchtesgadenalpane, og er skilt frå Steinernes Meer av fjellovergangen Torscharte på 2 246 m. Sjølve toppen ligg på den sørlege kanten av eit stort kalksteinsplatå, som stort sett er dekt av isbreen Übergossene Alm.

Hochkönig
fjell
Land  Austerrike
Region Salzburg
Fjellkjede Berchtesgadenalpane
Høgd 2 941 moh.
Primærfaktor 2 181 m
Koordinatar 47°25′14.9″N 13°3′47.4″E / 47.420806°N 13.063167°E / 47.420806; 13.063167
Førstestiging 1826
Kart
Hochkönig
47°25′15″N 13°03′47″E / 47.420805555556°N 13.063166666667°E / 47.420805555556; 13.063166666667
Wikimedia Commons: Hochkönig

I 1898 bygde Österreichischer Touristenklub ei fjellhytte ved toppen. Bygningen som står der i dag er frå 1985 og kan huse nesten hundre fjellklatrarar.