Hokusai
Katsushika Hokusai (ca. 31. oktober 1760–10. mai 1849) japansk 葛飾北斎 Katsushika Hokusai, var ein japansk biletkunstnar og ein av dei viktigaste utøvarane av den japanske kunstforma ukiyo-e. Det best kjende verket hans er fargetresnitt frå serien Dei 36 Fuji-prospekta.
Hokusai | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 31. oktober 1760 Honjo |
Død | |
Yrke | kunstmålar, grafikar, tresnitt, illustratør, ukiyo-e artist, kunstnar, grafikar, grafikar, designar, bygningstegner, biletkunstnar, teiknar |
Språk | japansk |
Ektefelle | ukjend verdi, ukjend verdi |
Hokusai på Commons |
Biografi
endreHokusai var fødd i Honjo rett aust for Edo (dagens Tokyo) i den niande månaden i det tiande året av Horeki-perioden (oktober-november 1760). Det biologiske opphavet er ukjent, men han blei adoptert av ein handverkarfamilie. Far hans, Nakajima Issai, laga speglar for hoffet til shogunen.
Hokusai si interesse for teikning blei vakt i femårsalderen. Som attenåring hadde han noko erfaring med treskjæring og begynte i studioet til ukiyo-e-meisteren Katsugawa Shunsho. I 1779 viste han fram han sine første arbeid, nokre portrett av skodespelarar som han gav ut under namnet Shunro. På grunn av manglande respekt for prinsippa til meisteren måtte han forlata lærlingeplassen i 1785.
Hohusai reiste så rundt og bytta hyppig lærarar og skular. Han nytta meir enn 30 ulike namn og budde på om lag 90 ulike stader. Heile tida utvikla han sin kunst, og i 1782 gav han ut ei bok med eigne illustrasjonar.
Mellom 1796 og 1802 produserte Hokusai kanskje så mange som 30 000 bokillustrasjonar og andre fargetrykk. Han let seg inspirera av dagleglivet i Japan og av ulike legender.
Den store bølgja ved Kanagawa er truleg det best kjende verket hans. Biletet viser ei stor bølgje i ferd med å omfatta båtar og mannskap, med fjellet Fuji i bakgrunnen.
Innverknad
endreVed midten av 1800-talet hadde japanske trykk stor innverknad på vestleg kunst, og impresjonistar som Claude Monet, Edgar Degas, og Henri de Toulouse-Lautrec fann inspirasjon i japanske trykk. Kopiar av tresnitta til Hokusai hadde stor innverknad på vestleg kunst, mellom anna Vincent van Gogh og Paul Gauguin. Kunsta hans er høgare verdsett i vestleg kunst enn i Japan.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hokusai» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juni 2008.